Hopp til innhold
Info fra NRK

Der ingen skulle tru... (1:6) Sesongpremiere!

Uke 43 NRK1 søndag 29. oktober kl 20.55

Ideen om å starte pub i veglause og nesten folketomme Trandal var ikkje så dårleg som mange ville ha det til. Men då Daniel Storeide (27) arva kråkeslottet Christain Gaard etter far sin, arva han også ei rekke utfordringar. Den største er å skaffe eit levebrød til seg og familien utan å måtte pendle vekk frå heimbygda.

Daniel Storeide med samboer Ivonne Ekremsæter.

Daniel Storeide har slått seg ned på Trandal med sin samboer Ivonne Ekremsæter.

Foto: NRK

Daniel er førstemann ut i den nye sesongen av "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", som tek deg med frå Lyngenfjorden i Nord-Troms til skogsheiene utanfor Tvedestrand i sør.

Serien presenterer deg for menneske som har valt å bu for seg sjølve, utan noko større samfunn rundt seg. Til gjengjeld har dei fått andre ting dei meiner er viktigare, som personleg fridom og nærleik til naturen.

NB! Endret rekkefølge på episode 3 og 4, byttet om pr 16.10:

Episode 1, 29. oktober:

Daniel Storeide (27) fekk ei tung bør i hendene då foreldra gjekk bort og etterlet han eit veglaust kråkeslott av ein serveringsstad ved Hjørundfjorden. Saman med sambuaren Ivonne Eikremsæter er han i ferd med å finna ut om det å bu i Trandal er liv laga eller ikkje.

Episode 2, 5. november:

To gonger har sterke sentralmakter klart å drive Ingebjørg Gamst vekk frå Vorterøy i Lyngenfjorden. Men kvar gong har ho vendt tilbake ved første anledning, og denne gongen blir ho der for godt.

- Eg er har ikkje kome til Vorterøy for å døy, eg kom for å leve, seier Ingebjørg.

Episode 3, 12. november:

Kaia og Bjørnar Aarstrand vart fortalde at det var galskap å setja ungar til verda på veglause Aursletta inst i Vistenfjorden. No er son nummer fem på veg.

Episode 4, 19. november:

Då kjærasten til Dag Fagermyr på barneskulen avslørte at ho ikkje ville bu oppe i skogsheiene på Fagermyr i Tvedestrand, fekk ho avskil på grått papir. For Dag har alltid visst at det var her oppe han skulle bu.

Episode 5, 26. november:

På leiting etter eit eige kongerike kom svenske Gunnar Bengtsson til Svinøya på Namdalskysten for over 40 år sidan. Det første han gjorde var å forandre øya til det ugjenkjennelege. No håpar han å endre ho tilbake medan det enno er krefter att i han.

Episode 6, 17. desember:

Då Nærøyfjorden hamna på UNESCO si verdsarvliste, såg Arild Dyrdal på det som eit kall. Difor flytta han tilbake til farsgarden for å brukae det han hadde att av arbeidskapasitet til å vere verdsarvgartnar.