Hopp til innhold

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu, sesongpremiere (1:6)

Uke 46 NRK1 søndag 20. november kl 20.15

Magne Sylvarnes har alltid sett det som si livsoppgåve å halda den brattlendte og veglause slektsgarden i hevd med hest, løypestreng og gamle, velprøvde metodar. Møt han i den første av seks nye episodar av "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu".

Der ingen skulle tru

Magne Sylvarnes er første mann ut i den nye sesongen.

Foto: NRK

Denne sesongen tek oss med frå Tanafjorden i nord til skogsheiene utanfor Kristiansand i sør. Vi møter menneske som lever i ulike grader av isolasjon frå omverda, utan bilveg og naboar vegg i vegg. Dei har valt vekk mykje for å bu på desse stadene, men fått att andre ting om dei meiner er viktigare.

I haust kan du bli med til følgjande stader og menneske:

Episode 1, 20. november: Magne Sylvarnes meiner han var skapt til å driva gard i dei bratte bakkane på heimstaden, men bakkane var ikkje skapte for moderne gardsdrift. Her er det berre hest, løypestreng og sjølvberging som nyttar.

Episode 2, 27. november: Bente Aust brukte heile ungdomstida på å lengte vekk frå Langfjordnes. Men til lenger ho var borte frå heimbygda ved Tanafjorden, jo sterkare vart heimlengta. No strekker ho grensene for kva som går an å gjera på ein stad som dette.

Episode 3, 4. desember: I ei lita hytte utan innlagt straum og vatn klarar Trond Henning Monan seg sjølv. Den unge mannen har levd eit omflakkande liv, men i skogen utanfor Kristiansand har han funne fred og meining.

Episode 4, 11. desember: I over ti år har kunstnaren Agnes Tiffon hatt Flørli ved Lysefjorden for seg sjølv, og forelska seg i freden og isolasjonen. Men så kjem Hessel Haker og vil snu Flørli på hovudet.

Episode 6, 25. desember: Norvald Bukkestein er eit naturprodukt, forma av eit langt og tidvis einsamt liv på den vetle og veglause slektsgarden ved Veafjorden. Tida ser ut til å ha gått i frå både han og garden, men så får nokon bruk for kunnskapene dette livet har gitt han.

Episode 6, 29. desember: Lisa Romsdal Kristensen og mannen Steinar valde å føre familietradisjonane på Jotkajavvri vidare, men kva med framtida? Livet på Finnmarksvidda har førebels ingen apell til neste generasjon.