Hopp til innhold
Info fra NRK

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Sesongpremiere!

Veke 36 NRK1 søndag 9. september kl 20.45

Bli kjent med nye menneske og stader i 16. sesong av «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Først ut er Svein og Synnøve som har busett seg på Tussøy.

Der ingen skulle tru at nokon kunne bu S17E01

Det blir eit nært møte med Svein Brox og Synnøve Steinsland i første program i den 16. sesongen av "Der ingen skulle tru...".

Det siste året har programleiar Arve Uglum og fotograf Torje Bjellaas reist Noreg på langs gong på gong og besøkt aude og tynt busette stader frå Sørøya i nord til skjergarden utanfor Vestfold i sør. Resultatet er eit tverrsnitt av noko av den vakraste naturen dette langstrakte landet har å by på, og nære møte med menneske som bur på desse stadene.

Dei bur for seg sjølve, utan nokon påliteleg bilveg eller naboar i umiddelbar nærleik. Dei har valt vekk mykje for å bu på desse stadene, men har fått att noko dei meiner er viktigare.

I årets sesong kan du bli kjend med følgjande stader og menneske:

Episode 1, 9. september, Tussøy (Troms):
Svein Brox og Synnøve Steinsland var godt vaksne før dei kom i gang med livet saman på Tussøy. Dermed har dei begrensa tid for å få alle draumane sine ut i livet, og ein svært gjenstridig saueflokk gjer det ikkje enklare.

Episode 2, 16. september, Stokkøya (Vestfold):
I over 50 år har treferja Skjæløy vore bindeleddet mellom øygruppa utanfor Helgeroa og levebrødet til dei få som bur att på Stokkøya. Men no har ferja lege ved kai med seglingsforbod i to år. Familien Johansen er villig til å ofre alt for å få ho i trafikk att.

Episode 3, 23. september, Vinkenes (Nordland):
Etter ei kraftig hjerneblødning kunne ikkje Karin Vinkenes lenger fungere i eit moderne samfunn med støy på alle kantar. Løysinga vart å trekke seg tilbake til den stillaste plassen ho visste om og starte på nytt.

Episode 4, 30. september, Hytjanstorpet (Hedmark):
På eit torp langt, langt inne i Grue Finnskog har Jan Storberget lenge vore ein viktig bærar av skogfinske tradisjonar, sjølv om han heilt til no har vore skamfull over dei same tradisjonane.

Episode 5, 7. oktober, Skropo (Hordaland):
Utan korkje bru til fastlandet eller rutetrafikk driv Ole Kristoffer Vågen mjølkebruk på øya Skorpo i Hardangerfjorden. Det er tungvint på grensa til det umoglege, men likevel rustar han garden for neste generasjon og vel så det.

Episode 6, 14. oktober, Gammelhjem (Finnmark):
I 19 år har Einar og Illona Røe levd adskilt for å oppfylla draumen om å skapa eit levebrød på garden Gammelhjem på yttersida av Sørøya, samtidig som sønene får ein vanleg skulegang. Men no nærmar gjenforeninga seg for ekteparet.