Vi er tilbake på gatene i Malmø. Sara, Jesse, Magnus og resten av betjentane har fått med seg fire nye betjentar på laget, som fører til ny dynamikk i gruppa. Relasjonen mellom Sara og Magnus vert sett på prøve av Khalid, medan Jesse kjapt finn tonen med Fanny.
Mustafa Al-Mashhadani i rolla som den nye, gatesmarte politimannen Khalid.
Foto: SVTI tillegg til det banale og grufulle som møter dei i bybildet må dei handtere sine eigne personlege utfordringar. Ei dramatisk hending sett sine spor blant alle. Sara slit framleis med å kombinere den kristne trua og ønskje om å hjelpe med kvardagen som politi, medan Magnus byrjar å tvile på om han eignar seg til arbeidet.
Politibetjentane må handtere ei rekkje ulike situasjonar.
Foto: SVT«Den tynne blå linjen» er stadig ein serie som skildrar det vide spennet i politikvardagen, frå blottarar på nudistbading til mordbrannar og sjølvmordsforsøk.