Hopp til innhold

Das Boot – premiere!

Veke 1 NRK TV tysdag 1. januar og NRK1 onsdag 2. januar kl. 22.10.

Spenning frå første sekund: Krigsdramaet held fram der kultfilmen sluttar.

Klaus Hoffmann og Hagen Forster på utkikk ut av ubåten.

Mennene på ubåt U-612 er på sin første tur, og kaptein Klaus Hoffmann (t.h) føler han må leve opp til ryktet etter faren sin.

Foto: � NIK KONIETZNY / Sky Deutschland AG und Sky Deut

I ubåt U-612 blir det unge tyske mannskapet sett på umenneskelege prøver mens den franske motstandsrørsla jobbar dag og natt for å sabotere operasjonen.

Serien «Das Boot» bygger vidare på den tyske filmen «Das Boot» som tok verda med storm i 1981. Både denne filmen og den nye serien er basert på boka Das Boot av Lothar-Günther Buchheim og dels på oppfølgjar-boka Die Festung.

Serien «Das Boot» startar hausten 1942 og viser oss krigen frå to sider: Vi ser både kva som skjer på land hos den franske motstandsrørsla i hamnebyen La Rochelle, og vi er om bord i ubåten med 40 tyske menn på sitt første oppdrag. Dei må leve med interne konfliktar og ytre angrep, og angsten og klaustrofobien dette skaper. I mellomtida blir den unge tyske-franske omsettaren Simone Strasser sett på andre prøver: kva menneske og verdiar skal ho vere lojal mot?

Spenning frå første sekund: Krigsdramaet held fram der kultfilmen sluttar.

Spenning frå første sekund: Krigsdramaet held fram der kultfilmen sluttar.

Publisering
To og to episodar blir publisert med ei vekes mellomrom i NRK TV. Første og andre episode av «Das Boot» blir tilgjengeleg i NRK TV tysdag 1. januar. På NRK1 blir første episode sendt onsdag 2. januar, med nye episodar kvar onsdag.