Hopp til innhold
Info fra NRK

Cowboyen og kongen

Arvid Mæland er ikkje som alle andre. Han er ein omstridd person som går sine eigne vegar. Ein globetrotter og visjonær. Elska og hata. Ein cowboy i alle ulike tydingar av ordet.

I Cowboyen og kongen møter vi bonden Arvid Mæland, som ikkje er heilt som andre bønder.

Han har ei frynsete jakke og eit enda meir frynsete rykte.

Ein sjølvutnemnd alfahann. Enten han går baklengs opp Kilimanjaro eller byggjer ranch i Arkansas, bryr han seg ikkje om kva andre folk meiner om han.

Arvid Mæland i bar overkropp framfor eit speil.

I Cowboyen og kongen vert ein betre kjend med Arvid Mæland.

Foto: Erik Waage / NRK

På Jæren er Arvid ein folkehelt, men no har han teke over ein avsidesliggande fjellgard i Bjerkreim, ein stille sauekommune i Rogaland. Her er ikkje dei lokale like begeistra for den nye naboen.

Vil hogge ut kongen i fjellet

Den første ideen han lanserer er å hogge ut hovudet til Kong Harald i fjellet bak garden. Med på laget får han den livsglade milliardæren Sverre Garpestad, som vart verdskjend då han gjenreiste «Trollpikken». Så sender han 250 invitasjonar til bryllaup, sitt fjerde – utan å ha funne ei kone.

Arvid Mæland sit på ei trone, det ligg ein ulv ved sidan av han.

Arvid Mæland er ikkje ein heilt vanleg bonde.

Foto: Erik Waage / NRK

Men som Arvid seier: «Om eg ikkje trur hundre prosent på dette sjølv, korleis kan eg forvente at andre skal tru på det?» Arvid bestiller catering, får ordføraren til å stå for vigsla og hentar inn sin faste forlovar, kunstnaren Ivan Storm Juliussen.

Ivan Storm Juliussen

Ivan Storm Juliussen er Arvid sin faste forlovar.

Foto: Erik Waage / NRK

«Cowboyen og kongen» er ein underhaldande og nær dokumentarserie om å vere tru mot seg sjølv, ikkje bry seg om jantelova og aldri gje opp.

Alle fem episodane er tilgjengeleg i NRK TV torsdag 15. september.