Hopp til innhold
Info fra NRK

Bancroft. Premiere på NRK TV!

Veke 40 NRK TV fredag 5. oktober og NRK1 fredag 7. desember.

Vi møter to politikvinner i hovudrollene: Elisabeth Bancroft med lang fartstid og mange merittar, og Katherine Steven som er langt ferskare i faget.

Bancroft

I rolla som Elizabeth Bancroft møter vi Sarah Parish, mens det er Faye Marsay som speler Katherine Stevens.

Foto: ITV Studios

Elizabeth Bancroft er ei svært dyktig og høgt respektert politikvinne, som har vigt livet sitt til politiet. Ho leiar etterforskinga av ein kriminell og valdeleg gjeng, Kamara.

Bancroft tek i bruk tvilsame metodar, men den tøffaste i Kamara-gjengen, Athif, styrer byen med jernhand, så folk kan ikkje anna enn vere samde i måten ho går fram på.

Samtidig får den yngre etterforskaren Katherine Stevens i oppgåve å sjå på ei uoppklart, gamal drapssak.

Ho får hjelp av Bancroft, men etterkvart begynner ho lure på om Bancroft har noko å skjule?

Sjå ein smakebit av serien: