Hopp til innhold

Nytt ettermiddagsprogram på NRK P3

«Norske tilstander» med tidlegare vinnar av Paradise hotell, Vida Lill Berge og Adelina Ibishi tek over etter «Verdens rikeste land»

Adelina Ibishi og Vida Lill Berge

Nesten på slottsplassen, og med nytt program. I Norske tilstander med Adelina Ibishi og Vida Lill Berge får du både nyheiter og underhaldning.

Foto: Eirik Stokstad Brødholt / NRK

– Vi skal «make news great again» erklærer Adelina. – Vi skal følgje med på det som skjer, i Noreg, i verda, på Stortinget…det blir litt krig, fred, religion og politikk og sånn, held Vida fram. Dei to er programleiarar for det nye underhaldnings- og samfunnsprogrammet «Norske tilstander» på NRK P3.

Det nye ettermiddagsprogrammet har premiere 5. februar og skal gå fra klokka 14 til 17, måndag til torsdag.

- Vi vil ta opp dei sakene vi er nysgjerrige på, prøve å forstå ting vi ikkje skjønner og ha det morosamt på vegen, seier programleiarduoen, som på mange måtar er to motpolar. Der Adelina beskriv seg sjølv som ein typisk andregenerasjons-innvandrar som har stressa med studia og prestasjonar, er Vida ein happy go lucky-type som i motsetning til Adelina, ikkje har nokon studiepoeng som helst på CV-en.

Personleg og politisk
Dei to har fleire prosjekt for våren. Eitt av dei er å gjere Adelina meir norsk – her blir det «opplæring» i Odd Børretzen og langrenn frå Vida. Eit anna prosjekt er besøka frå ferske stortingspolitikar ein gong i veka i «Politisk kvartett».

Vida og Adelina har hatt Hallo P3 og Voksenpoeng saman tidlegare på NRK P3, og frå 5. februar kan du høyre «Norske tilstander» på DAB+, nett eller TV.