NRK P1+ løftar fram norske songskattar

Laurdag 6. januar er det premiere på det nye songprogrammet «Syng!» på NRK P1+.
– Eg håper lyttarane syng med, seier programleiar Guren Hagen.

Guren Hagen under Syng-opptak i Trondheim

Guren Hagen er programleiar for dei fire første programma av «Syng!»

Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Programmet vil by på viser og melodiar som passar til allsong.

– Det er kanskje naivt, men eg ser for meg eit slags kor av lyttarar, seier Hagen.

Han stiller med Mads Bergs songbok, mens ein av gjestane i første program, rock’n roll-artisten Steven Ackles, nok overraskar fleire lyttarar med ei ukjent side av seg sjølv; han har eit sterkt forhold til Erik Bye, og framfører fleire av visene og melodiane hans. Også Hagen vil synge viser av Bye i programma.

– Når eg får synge songar som «En sang er alt jeg har» og Vesle jente», songar vi ikkje høyrer lenger, kjenner eg kor glad eg er i desse songane. Det håpar eg smittar over på publikum, seier Guren.

Fleire programleiarar

Programmet er spelt inn i Antikvariatet i Trondheim med publikum og musikarar. Programleiarane vil variere, ved sidan av Guren Hagen skal også Ulf Risnes, Tove Karoline Knutsen, Olav Stedje og Steinar Albrigtsen leie sendingane og invitere sine gjestar. Dei fem programleiarane vil sette sitt preg på sine program, men fellesnemnarane vil vere gjenhøyr med songar frå epokar vi ikkje høyrer så mykje frå, og gleda ved song.

– Når vi syng legg vi frustrasjonar og bekymringar til side, musikken gir eit pusterom. Det er sunt å synge, seier Guren.

Songglade radiolyttarar kan høyre «Syng!» på DAB+, nett eller via TV-en. Programmet blir sendt på NRK P1+ laurdagar klokka 8.05, med reprise på tysdagar klokka 20.03.