Hopp til innhold

No er det BlimE-veka 2018

BlimE, vennskapskampanjen til NRK Super startar i dag, måndag 17. september. Årets BlimE-låt er allereie ein stor hit, og rekordmange barn vil danse BlimE-dansen.

Sigrid Velle Dypbukt og Espen Muzamura

Sigrid Velle Dypbukt og Espen Muzamura er programleiarar for BlimE-showet fredag kveld.

Foto: Bernt Olsen / NRK

Sjølve BlimE-dagen er fredag 21. september, og klokka 12 blir det dansing over heile landet. Ca 350.000 barn har meldt seg på BlimE-dansen, og det er rekord.

NRK Super ønsker å gi barn felles opplevingar for å styrke samhald og vennskap barn i mellom.

I år er BlimE-låten med Freddy Kalas, og songen har allereie over 2,8 millionar avspelingar på Spotify. I tillegg har låten over 900.000 avspelingar i TV-spelaren til NRK Super.

Dette skjer også
Tysdag klokka 15.00 til 17.00 blir det direktesending og nettmøte på NRK Super Radio og nrksuper.no. Selma frå Supernytt og Haakon frå Skolefri har med seg eit panel med barn kjent frå populære seriar på NRK Super. Panelet vil snakke om vennskap, utestenging og mobbing.

Fredag kveld klokka 18.00 til 18.40 blir det direktesendt BlimE-show med blant andre Freddy Kalas og Adam Ezzari, og det blir "Valg-O-Drama" med kjente YouTubarar. «Siggen» Sigrid Velle Dypbukt frå MGPjr/ NRK Super og Espen Muzamura er programleiarar. Det blir også masse dans.

Vaksne må også BlimE
Det blir lagt til rette for at vaksne og barn kan snakke saman om vennskap eller det å stå utanfor: NRK Super, NRK Skole og Redd Barna har samarbeidd om eit opplegg som tek utgangspunkt i kjente og populære seriar fra NRK Super. Opplegget kan starte ein diskusjon eller refleksjon rundt korleis vi bør oppføre oss mot kvarandre.