Hopp til innhold

Radarpar med nytt program på radio

29. juni er det premiere på «Lystad og Mathisens radioshow» på NRK P1+.

Tom Mathisen og Knut Lystad lagar radioprogram saman

Reunion på radio: Tom Mathisen og Knut Lystad har jobba saman før, og no gjer dei det igjen: I sommar kan du høyre dei på NRK P1+.

Foto: Anne Heidi Røstad / NRK

Knut Lystad og Tom Mathisen møttest for første gong i 1970 og har drive med humor sidan då – både saman og kvar for seg. Fredag 29. juni kl. 13 går dei på lufta med radioprogrammet «Lystad og Mathisens radioshow».

Tom og Knut byr på surrealistisk humor og god musikk, underfundige betraktningar om barnebarn og samfunnsutvikling, og ikkje minst om det å bli eldre.

- Vi håper vi kan få NRK P1+-lyttarane til å le litt av seg sjølv, seier Knut. – Og av oss då, legg Tom til.

I studio sit poenga laust, og det eine ordspelet blir improvisert fram etter det andre. Dei som har følgd Tom og Knut tidlegare vil kjenne igjen humoren, og bli endå betre kjent med dei to.

«Lystad og Mathisens radioshow» kan høyrast på DAB+, nett og mobil.