Dette skjer direkte på NRK1 og NRK2 som ein hyllest til Jon Fosse, Nobelprisvinnar i litteratur 2023.
I samarbeid med Det Vestnorske Teateret og Colombine Teaterförlag som eig rettane til Fosse sine dramatiske verk, ladar NRK opp til den høgtidelege utdelinga i Stockholm med eit direktesendt teatermaraton i form av ei opplesing av alle verka.
Sendinga byrjar på NRK1 fredag kveld 8. desember og held fram utan stans til søndag formiddag. I mellomromma mellom opplesingane krydrar vi sendinga med underhaldande folkeopplysing og samtalar med folk som kan meir enn dei fleste om Fosse sitt forfattarskap.
Ei stor gruppe skodespelarar frå Det Vestnorske Teateret, Den Nationale Scene, Teater Vestland og Det Norske Teateret, vil skifte på å gi publikum inspirerte lesingar. Vi byrjar med det fyrste stykket Jon Fosse skreiv - «Nokon kjem til å kome» frå 1992, og sluttar med «Leika leiken» frå 2022.