Hopp til innhold

Høyr alt frå OL på NRK Sport

På radiokanalen NRK Sport blir det OL-sendingar døgnet rundt.

Radiosporten Ol Pyeongchang 2018

OL i Pyeongchang: Tap på målstreken eller total utklassing? Andreas Toft, Carina Olset og Susann Michaelsen er nokre av NRK-profilane som held deg oppdatert døgnet rundt på NRK Sport.

Foto: Ole Kaland / Ole Kaland, NRK

Kjente stemmer som Carina Olset, Susann Michaelsen, Andreas Toft og ikkje minst kommentatorar som Jann Post og Andreas Stabrun Smith gir norske radiolyttarar alt frå dei olympiske vinterleikane i Pyeongchang.

Høyr NRK Sport!

Dramatiske sluttspurtar, store sigrar eller bitre tap – på NRK Sport vil du få med deg alle hendingane når dei skjer. OL-sendingane startar med eit kick off fredag, så tek Susann Michaelsen oss gjennom natta med blant anna curling og snowboard, før Jann Post og Torgeir Bjørn kommenterer 15 km langrenn med skibytte for kvinner frå klokka 08.15 til 09.15.

NRK Sport blir 24-timars kanal

Tidlegare har NRK Sport ofte hatt samsendingar med NRK P1, men frå og med OL, og også etter at OL er over, vil NRK Sport halde fram med å sende eige innhald døgnet rundt.

- NRK Sport er for lengst etablert som kanalen der folk får sport på radio, og no byr kanalen på meir. Frå no av får lyttarane også nyheiter og musikk mellom alt som skjer i idrettsverda, seier fungerande radiosjef Jon Branæs.

Også NRK P1 kjem til å sende høgdepunkt frå OL, men absolutt alt NRK sender frå Pyeongchang vil gå på NRK Sport. Du kan høyre NRK Sport og alle NRKs radiokanalar på DAB+, nett eller via TV-en.