Informasjon fra NRK

Gjestane på TV i helga

Collage for høsten 2018

10 på topp - julespesial

I årets siste sending av 10 på topp har Stian "Staysman" Thorbjørnsen med seg Ingrid Gjessing Linhave, Kåre Magnus Bergh, Silya Nymoen og Christian Mikkelsen

Nytt på nytt

Fredagens gjestar hos Bård & co er AUF-leiar Ina Libak og Bellona-leiar Frederic Hauge

Lindmo

Dette er fredagens gjestar:

  • Aksel Lund Svindal - medaljesankaren har pensjonert seg, men saknar samhaldet med alpin-gutta. Hos Lindmo fortel han om oppveksten og mora som døydde då han berre var åtte år.
  • Else Kåss Furuseth spør seg om det å få barn er meininga med livet og ser mor si spegelbildet sitt. I tillegg er ho ein stor beundrar av Aksel Lund Svindal!
  • Thor Gotaas og Roar Vingelsgaard har fordjupa seg i utedoens kulturhistorie og kan forklare kva ein «dritpinne» er.
  • Fotballspelar Caroline Graham Hansen er Barcelonas nye stjernespelar. Å tenke på støtten frå fansen under fotball-VM gir henne gåsehud.
  • Visepoptrioen No 4 har med seg ein flunkande ny låt.


Studio Sápmi

Tema i Studio Sápmi denne veka er seksualitet. Dette er torsdagens gjestar:

  • For Ane Margrethe Ugelvik handla sex lenge kun om reproduksjon. Det siste året har ho kome meir i kontakt med sin eigen seksualitet, og seier at ho er under opplæring både språkleg (samisk) og seksuelt.
  • Niila Rahko meiner at det snakkast for lite om seksualitet i det samiske samfunnet. Seksualitet vil vere med på å styrke seksualitet, meiner han.
  • I 2020 slipp artisten Aili ut EP. No bor ho i Oslo og satser på musikken og til Studio Sápmi har ho med seg ein dansar.