Hopp til innhold

Farleg kjærleik

Veke 19 fredag 10. mai, NRK TV.

16 år gamle Fanny blir forført av Damien som er artist - og hallik.

Farleg kjærleik - Fanny (spelt av Ludivine Reding)

Historia i «Farleg kjærleik» er inspirert av verkelege hendingar. Ludivine Reding speler hovudpersonen Fanny.

Foto: Encore

Fanny er ein ganske vanleg tenåring. Ho liker å danse, har fått seg kjærast for første gong og dagdrøymer om framtidige eventyr. Det er derfor ein nedtur at ho ikkje har råd til å reise til New York saman med vennene sine. Ho blir sint på både foreldra og kjærasten sin.

Ein dag møter ho Natacha, som igjen introduserer henne til Damien (28). Han driv med musikk, og er skikkeleg spandabel. Han skjemmer bort Fanny, som blir forelska i han. Samtidig oppdagar ho ei undergrunnsverd med stripping og prostitusjon, ei verd som Fanny gradvis blir del av. Ho rømmer heimefrå, og dreg både seg sjølv og familien inn i eit mareritt.

Sjå trailer med engelsk omsetting.

«Farleg kjærleik» var den mest sette dramaserien sist vinter i den franskspråklege delen av Canada.

Alle episodane blir publisert samstundes i NRK TV 10.mai.