Informasjon fra NRK

Eagles - premiere!

Veke 18 NRK TV fredag 03.05
Om kjærleik, draumar, rivalisering og ishockey i ein svensk småby.

Eagles S01E01

Felicia (Alva Bratt) og Ludvig (Adrian Öjvindsson) er to av fire hovudpersonar i serien.

Foto: SVT

Historia om søskenparet Felicia og Elias startar når dei flyttar frå Boston. Faren har vore stjernespelar i den amerikanske i hockeyligaen, men no går turen til søvnige Oskarshamn. Felicia er bloggar og «influencar», og Elias eit hockeytalent, og begge utfordrar dei sosiale hierarkia i skolen og på hockeylaget.

Serien følgjer også Elias' argaste konkurrent på hockeylaget, Ludvig, og songtalentet Amie. Ho blir raskt venner med Felicia.

Serien fekk veldig god mottaking av publikummet på SVTs premierevisning: https://www.facebook.com/svt/videos/1104736793062457/

I målgruppa (15-24 år) er Eagles meir populært enn Paradise hotel.

Svensk media har omtalt Eagles som ein serie som kan verke inspirert av Skam, men som også minner om amerikanske high school-seriar som One Tree Hill, sidan «idrettsgutta» er sjølvsagte stjerner i skulegarden.