Serien finn stad i eit splitta Tyskland i 1988. Marlene Wenninger er på det ho trur skal vere ei heilt ordinær forretningsreise til Aust-Berlin. Ho får seg derfor ei stor overrasking når ho saman med forretningspartnarane er tilskodar til eit stykke i teateret i byen. Dansaren på scena er prikk lik henne!
Christine Steffen før framferda hennar på Friedrichstadt-Palast.
Foto: Julia TerjungSpørsmåla som blir reiste
Dansaren i stykket er Christine Steffen. Ho har saman med dei beste dansarane, musikarane og regissørane i Aust-Tyskland sett saman eit show som skal heidre den 40 år lange eksistensen i landet. Marlene bestemmer seg for å ta kontakt med Christine, og det blir kjapt klart for dei at dei er tvillingsøstrer. Når sjokket har lagt seg for dei begge, dukkar det omgåande opp nokre spørsmål som krev svar. Kva separerte søstrene? Kvifor visste dei ikkje om kvarandre?
Marlene Wenninger i det ho oppdagar dobbeltgjengaren sin.
Foto: JULIA TERJUNGJakta på svara
Saman blir dei samde om å finne svar på dei spørsmåla dei har. Dette inneber mellom anna at dei gir seg ut for å vere kvarandre, noko som skaper forvirring i begge sine familiar. Dette går heller ikkje upåakta hen i etterretningsverksemda til dei to statane.
Marlene Wenning på jakt etter svar.
Foto: Krzysztof Wiktor / Krzysztof Wiktor«Dobbeltgjengaren» er tilgjengeleg i NRK TV frå fredag 17. juni.