Hopp til innhold
Info fra NRK

Dette får du frå NRK i haust 

Humor og action, prisvinnande drama, samiske forbanningar og mordgåter. Slik vert hausten på NRK

I år kan publikum sjå fram til ei rekkje nye satsingar. Frå forsiktige motstandsmenn under 2. verdskrig, ein eksentrisk millionær og eventyr på Grønland til gjengoppgjer i Oslo og livet langs kortbanenettet i Nord-Noreg.

Drama og underhalding

Først ut i årets haustlansering er gangsterdramaet «Flus». Vi vert tatt med tilbake til Oslo på 90-talet. Året er 1999, og det er norsk gjengkriminalitet sin gullalder. Vi følgjer ein kompisgjeng sin kvardag. Bæbs (Filip Bargee Ramberg) ser ikkje på seg som ein gangster og er overtydd om at konsekvensar frå gjengkriminalitet ikkje vil råke han. Samstundes er bestevenene hans, Even André (Herman Flesvig) og Kelechi (Tobias Haile Furunes) involverte i kvar sine rivaliserande gjengar. Når Even André dreg med seg Bæbs inn i ei pågåande konflikt går det gradvis opp for Bæbs at han ikkje høyrer heime her. Men det er ikkje enkelt å forlate ei verd der farlege idiotar forsøkjer å leve opp til tittelen «Noregs farlegaste»

Premiere fredag 28. oktober i NRK TV

Frå 1999 til 1941, ei tid då Oslo heller ikkje var ufarleg. Under krigen gjekk det føre seg motstandsarbeid over heile Noreg. Nokre grupper ofra alt for landet, og vart seinare heidra og hylla. Andre ofra lite eller ingenting og vart gløymd. «Gutta på skauen» er historia om ei slik gruppe.

Vi følgjer opprettinga av Thorvald-gruppa på ei hytte i skogen utanfor Oslo hausten 1941. Thorvald (Ola G. Furuseth) er initiativtakar og leiar. Han får med seg Kåre (Mikkel Niva), Leif (Morten Svartveit), Alf (Sjur Vatne Brean) og Sverre (Nader Khademi) som saman utgjer ein brokete gjeng med særs ulike føresetnader for å drive motstandsarbeid.

Dei har gode tankar og planar, men slit med motivasjon, evner og gjennomføringskraft. Dei er misunnelege på Pelle-gruppa og Osvald-gruppa og alle andre som klarar å gjennomføre farlege aksjonar. For desse karane passar det aldri heilt å gjennomføre dei heilt store aksjonane. Men ambisjonane er høge, og dei tenkjer at dei når som helst vil slå til. Då skal nok folk få sjå kva dei er laga av.

Sjå «Gutta på skauen» i NRK TV.

I dramaserien Etterglød møter vi livsglade Ester som fyller førti. Feiringa tek ei uventa vending når både familie og vener – med eit uhell – får vite at Ester har fått kreft.

Vel tilbake i notida har vi gleda av å introdusere dramaserien «Etterglød». Vi møter livsglade Ester (Nina Ellen Ødegård) som fyller førti. Feiringa tek ei uventa vending når både familie og vener – ved eit uhell – får vite at Ester har fått kreft. Ho er den typen alle trur vil leve evig, og ingen kan førestille seg ei verd utan henne.

Etterglød vann ungdomsprisen for beste serie i Cannes tidlegare i år

Sjukdomen påverkar dei rundt Ester. Ektemannen Arild (Thorbjørn Harr), dei tre borna og venene. Dei byrjar å stille spørsmål om sine eigne liv, lever dei slik dei ynskjer? Kvar og ein tek nye val som endrar både deira eige og andre sitt liv.

Det som kunne vore ei dyster historie endar opp med å vere ei historie om gleda over å få leve og å gjere fantastiske ting for dei du elskar.

Premiere 2. oktober på NRK1 og i NRK TV.

Eit meir lettbeint innslag får vi frå Live Nelvik og Einar Tørnquist i eit heilt nytt, direktesendt underhaldingsprogram som vert å sjå på laurdagskveldane i haust. I «Verdens beste venner» skal kjende vennepar konkurrere for å bevise kven som kjenner kvarandre best. To par møtast i kvart program og gjennomgår varierte utfordringar. Kor mykje veit dei om kvarandre? Kor godt samarbeider dei? Kor langt er dei villige til å strekke seg for vennskapet?

Sjå det i NRK TV.

«Verdens beste venner» er ein hyllest til vennskapet. Gjennom programma vil publikum bli betre kjend med favorittprofilane. Og kanskje vil vennepara lære noko nytt om kvarandre også?

Bestevennene vi får møte i løpet av hausten er:

  • Thomas Numme og Harald Rønneberg
  • Martha Leivestad og Annika Momrak
  • Abu Hussain og Mayoo Indiran
  • Solveig Kloppen og Ingrid Gjessing Linhave
  • Ronny Brede Aase og Niklas Baarli
  • Siri Avlesen-Østli og Carina Olset
  • Martin Lepperød og Jonis Josef
  • Abid Raja og Noman Mubashir
  • Stian «Staysman» Thorbjørnsen og Petter «Katastrofe» Kristiansen
  • Wanda Mashadi og Jorun Stiansen
  • Lisa Tønne og Sigrid Bonde Tusvik
  • Hasse Hope og Magnus Devold

Dokumentar og historier frå røynda

Det hektiske livet på ein brannstasjon i Noregs nest største by, nervøse brudepar, gutetur på Grønland og hovudet til Kong Harald i fjellsida! Her er ein smakebit på dokumentarane som kjem til hausten, først ut: «Forbannelsen».

«Forbannelsen» er ein serie om forbanningar, mystikk og jakta på sanninga. Stian «Staysman» Thorbjørnsen og Ole Rune Hætta tek det overnaturlege på alvor og reiser på kryss og tvers i Noreg for å leite etter svar på historier dei har fått høyre. Reisa tek dei til blant anna Skjervøy, Andørja og Sulitjelma.

I møte med folk undersøker dei om det finst meir mellom himmel og jord enn kva ein kan forklare.

Arvid Mæland er moglegvis ikkje overnaturleg, men i «Cowboyen og kongen» vert vi kjend med ein mann som ikkje er heilt som alle andre. Ein omstridt person som går sine eigne vegar. Globetrotter og visjonær. Ein folkehelt på Jæren. Elska og hata. Ein mann med eit frynsete rykte. Enten han går baklengs opp Kilimanjaro eller flyg hovudet til Gulliver frå Kongeparken heim til Jæren, han bryr seg ikkje om kva andre folk meiner om han.

No har han teke over ein avsideliggandes fjellgard i ein stille sauekommune i Rogaland. Den første ideen han lanserer der er å hogge ut hovudet til Kong Harald i fjellet bak garden. Så inviterer han 250 gjestar til bryllaup - utan å ha funne ei kone.

Ein mann som Arvid har eit fargerikt karaktergalleri rundt seg. Vi møter den eksentriske kitschmålaren Ivan Strom Juliussen, som er Arvids faste forlovar og den livsglade milliardæren Sverre Garpestad, som vart verdskjend då han gjenreiste Trollpikken. Vi møter og Nikolai Mæland, son til Arvid, som fortel om det ambivalente forholdet til denne mannen.

«Cowboyen og kongen» er ein underhaldande, nær dokumentarserie om å vere tru mot seg sjølv, ikkje bry seg om jantelova og aldri gje opp.

Premiere 15. september på NRK1 og i NRK TV, les meir her.

110

Ein mann og ei kvinne i brannuniform foran Hovedbrannstasjonen i Bergen.
Foto: Eivind Senneset / NRK

Frå brennbare relasjonar til dei som faktisk sløkkjer brannane. I «110» følgjer vi brannvesenet i Bergen. Serien gir eit ekte og nært innblikk i livet på brannstasjonen og korleis det pregar brannmannskapet når alarmen går, og raske, taktiske vurderingar må takast kontinuerleg under tidspress og med avgrensa informasjonstilgang.

Fiskerne

Bli kjend med dei vêrutsatte hardhausane i Fiskerne.
Foto: Mothership / NRK

Så vidare til dei som har bytt bort glitter og glamor med blodslit. Å vere fiskar på dei små fiskebåtane langs kysten er ein av dei hardaste jobbane i Noreg. Medan mannskapet jaktar på fangsten, lever dei saman om bord i den tronge båten og er vekke frå familien i vekevis.

Båtane som fyller kvotane tener eventyrlege summar, men for å oppnå dette krevst det både hardt arbeid og fiskelykke. Det er ein uføreseieleg jobbkvardag, der ein er avhengig av kvarandre for å lukkast.

På toppen er skipperen ansvarleg for både løn og sikkerheita til eit mannskap som ofte både er ferske og risikovillige.

«Fiskerne» er tilgjengeleg i NRK TV.

Kortbaneliv

Flyplassmannskapet arbeider på spreng for å halde flytrafikken i gang.
Foto: NRK / NRK

Det finst riktignok fullstendige kart over Nord-Noreg, men det er ikkje berre enkelt for dei som bur der fordi. «Kortbaneliv» handlar om menneska som er avhengige av eit unikt flytilbod for å kunne leve, bu og arbeide i distrikta. Gjennom ei luftig reise langs ei av Noregs mest vêrharde kystlinjer møter vi passasjerar og dei som gjer alt dei kan for at folk skal kome seg fram.

Passasjerar, flybesetning og bakkemannskap trassar flyskrekk, store avstandar og handterer dårleg vær. Alt for å gjere det mogleg å bu og leve eit godt liv i Noregs ytste utkant.

Barn og ungdom

Dei yngre kan sjå fram til eit bredt spekter av både informative dokumentarar og underhaldande seriar. Hausten byr på kjendiskonflikter, dystopiske framtidsdrama, fart og spenning med Morten Strand og Saft Suse, i tillegg til eit innblikk i dyra si verd. Først ut er «Kraft»!

Kraft

Bli kjend med streetdance-miljøet i Kraft.
Foto: NRK

«Kraft» er ein doku-dramaserie frå streetdance-miljøet i Oslo. Vi følgjer fem unge og lovande dansarar på vegen mot draumen om å gjere det stort som dansar. Serien byr på ekte historier om forelsking, sjalusi, einsemd, usikkerheit og meistring frå eit unikt miljø.

Jazzy introduserer oss for dansemiljøet, ho er heilt i starten av vidaregåande og har høge mål for seg sjølv. Jojo går tredje året og er dødeleg forelska i Elsa, men kva skjer når han må velje mellom dans og kjærleik?

Kjærleik er kjærleik, også i framtida. I «Kuppel 16» møter vi Anton og Emma, som bur i ulike klimasoner i same by, 120 år fram i tid. Anton er velståande og bur innanfor kuppelen, medan Emma må leve med utfordringane på utsida.

Dei skulle aldri møtast, og absolutt ikkje verte forelska. Men når det skjer må dei snu opp ned på verdene sine for å vere saman.

Norske beefer

I Norske beefer får vi blant anna høyre korleis det gjekk då Anders Grønneberg skulle ete skoen sin.
Foto: NRK

Vi er tilbake i vår eiga tid, for denne gong. «Norske Beefer» tek deg med på innsida av nokre av dei mest kjende og ukjende konfliktane norsk offentlegheit har å by på.

Jenny Huse, Erik Sæter, Manylandy og TIX er berre nokre av kjendisane som gir deg pikante detaljar rundt dei mest konfliktfylte kranglane dei sjølv har opplevd.

Kvar episode tek for seg ein ny konflikt og her får du alt frå spion- og blackfaceskuldingar til graffitioppgjer og musikkmeldarar med slaktekniv.

I tillegg får du sjå kjende fjes som Kevin Lauren, Oskar Westerlin, Abu Hussain og Lars Berrum spele ut humoristiske dramatiseringar i eit forsøk på gjenskape dei mest kaotiske og dramafylte kranglane. Bli med inn i bokseringen – for her vert det kamp!

Sjå det no i NRK TV.

VGS

Joffe er ein av karakterane vi møter i VGS
Foto: NRK

Vi flyttar fokuset frå kjendisar til grunnskulen no. «VGS» er ein serie om livet på vidaregåande skule, skildra gjennom augene til elevane.

Vi møter Amalie, Joffe, Mathias og Lara frå «Klassen» - ute av sitt trygge univers - nye på VGS. Ein ny serie med ein råare kvardag, og heilt andre spelereglar. Gjennom førti episodar får vi eit ærleg innblikk i livet som førsteklassing på Eikebro vidaregåande skule. Her må karakterane finne seg nye gjengar å høyre til, medan møter nye problemstillingar som “nudes” for rulling, rating, seksuell debut, russebussrekningar og jodelstress.

Rykter

Gjengen du møter i Rykter. Theo Tomczuk (Matthias), Alisah Sussmann (Sarah), Sisilja Skeistrand Garen (Thea), Benjamin Johannes Ebbesen (Erik).
Foto: Mothership / NRK

Vidaregåande er ikkje det einaste skuletrinnet som byr på utfordringar. «Rykter» er ein ungdomsserie om vennskap, mobbing og den siste tida på ungdomsskulen. Ein kul bergensgut blir del av eit overfall som vert lagt ut i sosiale medium. Han vert derfor flytta ut på ei avsidesliggande øy, og må ta 10. klasse på bygda.

Men fortida er vanskeleg å unnsleppe, og sjølv ikkje heilt der ute, kan ein kontrollere historia si - for det er alltid rykta om deg som definerer kven du er.

Sjå alle episodene av «Rykter» i NRK TV.

Maks gass

Morten Strand og Saft Suse er på nye fartsfylde eventyr i Maks gass.
Foto: NRK

I motsetnad til rykter som ofte er usanne er det hundre prosent ekte når Morten Strand og Saft Suse, kjend frå «Gjør det sjøl», byr på fart og spenning i «Maks gass». Dei kjører land og strand rundt for å møte barn som også elskar motorsport. Det vert motorbrøl, lukt av svidd gummi og ikkje minst masse meistring.

Gjennom åtte episodar testar Morten åtte ulike motorsportar, under rettleiing av eit barn som er ekspert i sin sport. ​Først og fremst for å ha det mest mogleg gøy! Samtidig som Morten får testa seg sjølv i ein seriøs konkurranse mot landets beste barn.

Premiere 29. september.

Ane vs dyrene

Ane møter en blekksprut i Ane vs dyrene. Kan hun kamuflere seg like godt?
Foto: NRK

Frå talentfulle barn som arbeidar hardt for å bli beste, til dyr som er fødde med det dei treng for å overleve. Alle dyr har sine unike eigenskapar, kall dei gjerne superkrefter. I denne serien ser Ane Norum Kvistad nærmare på dyr sine gode ferdigheiter, og testar om ho kan konkurrere mot kaninen i hopping, om ho kan kamuflere seg like godt som ein blekksprut, eller om det er mogleg å bruke ekkolokalisering for å orientere seg, akkurat som ei flaggermus. Dette vert både morosamt og veldig utfordrande, vil ho i det heile tatt ha ein sjanse til å slå dyra?

Den magiske laben

Professor Dinkel og det magiske kameraet, Kamilla i den magiske laben
Foto: NRK

Den magiske laben er ein leiken og spanande læringsserie for barn mellom fire-seks år. Djupt inne i skogen ligg det eit magisk laboratorium. Der jobbar den ivrige og morosame professor Dinkel og hans gode hjelpar. Dei gjer eksperiment og utforskar dei raraste spørsmål, let seg fascinere og overraske over naturen og tinga i den. Med seg har dei det magiske kameraet Kamilla. Ho tek bilete av det vi ikkje kan sjå med auga våre.

Professor Dinkel spelar på lag med barna. Han prøver så godt han kan, men får det ikkje alltid til. Heldigvis har han fleire gode hjelparar han kan tilkalle med fløyta si. Når han bles i den kjem to barn til unnsetning, hjelper han og saman får dei til mykje rart.

Podkast

I haust vil publikum, store som små, kunne glede seg til mange nye podkastar. Nokre er heilt nye konsept, medan andre byr på nye historier frå kjende format som «Hele Historien» og «Historier fra virkeligheten». Vi startar med krim frå røynda, og Leo Ajkic!

I dødens spor

Programleder i dokumentarserien «RUS»: Leo Ajkic.
Foto: Pandora Film / NRK

I denne nye krimpodkasten tek programleiar Leo Ajkic lyttaren gjennom tre gripande drapssakar og følgjer spora i eit etterforskingsarbeid fram til pågriping og dom. Han intervjuar etterforskarar, rettsmedisinarar og psykiatrar som fortel om kva som skjedde, korleis det skjedde og kvifor.

Trygdekontoret

Thomas Seltzer er programleder for Trygdekontoret
Foto: Kim Erlandsen

Frå drap til reinkarnasjon, Trygdekontoret er tilbake som podkast! Thomas Seltzer og gjestar grev i det mørke, smale og rare, men også allmenkjende og brennbare. For som Seltzer sjølv seier: Kva er likskapen mellom ein hemoroide og ein podkast? Jau, på eit eller anna tidspunkt får kvart einaste rævhol sin eigen. Til hausten er det altså Thomas sin tur.

Ukjent - er det noen der ute?

Line Elvsåshagen vender blikket utover og utforskar universet rundt oss i Ukjent - Er det noen der ute?
Foto: NRK

Vi held fram med reisa på den galne sti. Er vi helt åleine i universet eller har nokon allereie besøkt oss? Programleiar Line Elvsåshagen tenner lommelykta og viser veg inn i ei skyggefull verd der konspirasjonsteoriar møter vitskap. Lev vi allereie i eit sci-fi-univers?

«Ukjent» er ein dokumentarisk sci-fi true crime der Elvsåshagen og medpilot Torkild Jemterud legg ut på ei reise i verdsrommet. Klarer dei å finne ut kva som er løgn og sanning i jakta på intelligent liv i universet?

Millionærhjerne

Christian møter millionærar i Millionærhjerne
Foto: NRK

Har du lyst til å verte rik? I denne nye podkasten gjer Christian Strand eit underhaldande djupdykk ned i kontoen og hjernane til norske, sjølvgjorde millionærar. Korleis vart dei rike? Korleis kjendest det å tene den aller første millionen, og kor mykje har dei eigentleg på brukskontoen akkurat no? Kanskje lærer dei oss nokre triks, slik at vi også kan verte rike.

Møt millionærane i NRK Radio.

Historier fra virkeligheten: Mannen i Theresesgate

Rustam Luis Foss heitte mannen som 9. november 2021 vart skoten og drepen av politiet på eit fortau i Thereses gate.
Foto: Privat

9. november 2021 kom ein mann springande nedover Theresesgate med ein stor kniv i handa. Han ropte på Allah og trua tilfeldige forbipasserande. Politiet kom til staden, dei kjøyrde på han med patruljebilen, og då han angreip på politibetjentane, skaut dei han, seks gonger.

Mannen i Thereses gate heitte Rustam Louis Foss. Men opplysningane om han, etter at han vart skoten, var fulle av motseiingar. Nokre sa han var gjengkriminell, andre sa han var eit lovande skodespelartalent. Podkasten «Mannen i Theresesgate» fortel historia om ein mann som flykta til Noreg. Ein mann som kom med ein draum om å verte berømt, og som aldri ga opp den draumen. Rustam Louis Foss fortalde om livet sitt til mange, men historia endra seg heile tida og ingen kjende heile sanninga.

Kven var eigentleg Rustam Louis Foss? Og kvifor måtte livet hass ende slik, på eit fortau i Thereses gate?

Høyr «Mannen i Theresesgate» i NRK Radio no.

Mellom oss: Livs siste sjanse

Mellom oss: Livs siste sjanse
Foto: NRK

Liv ønskjer seg berre det heilt grunnleggjande. Å elske nokon, og sjølv å bli elska tilbake. Ho har aldri knytt seg til ein kjærast. Ikkje før no. Men kan det verkeleg vere slik at ho må velje mellom mann og barn?

Den erfarne journalisten Kirsti Kraft har følgd Liv gjennom fleire år når ho snublar inn i førtiåra utan å ha tatt eit val. Liv skjønar at ho får det frykteleg travelt. Dette er ei nær og vakker, men også ei brutal og utruleg historie om ei heilt vanleg kvinne som ikkje skyr nokon ting for å få orden på livet i siste liten.

Livs siste sjanse vert ein del av Mellom oss-serien.

Gal & genial

Albert Einstein er eit av genia ein ser nærare på i Gal og genial
Grafikk: NRK

Albert Einstein fekk oss til å sjå universet med nye auge og detaljstyrte ekteskapet sitt. Marie Curie fekk to nobelprisar og gjekk rundt med radioaktivitet i lomma. Tycho Brahe revolusjonerte astronomien og hadde ein elg som kjæledyr.

«Gal & genial» er ein serie for deg som elskar rare smartingar og sære genier, for deg som er nysgjerrig på korleis verda er skrudd saman, og som vil lære og forstå korleis verda vart slik. Gjennom menneska som gjorde alt for lyspære-augeblinka; gjennom galskap og genialitet.

Høyr «Gal & genial» i NRK Radio.

Tilbake på NRK

Folkeopplysningen

Andreas Wahl
Foto: Ole Kaland / NRK

Programleiar Andreas Wahl tek for seg tre nye tema i «Folkeopplysningen» i haust når han sett fokus på ulv, giftstoff og psykiske lidingar og diagnosar.

Sjå det no på NRK1 og i NRK TV.

Side om side

Gjengen i Side om Side er tilbake for enda ein sesong
Foto: NRK

I haust er det klart for den niande sesongen av Side om side når vi vender tilbake til Lisbeth, Frode og resten av gjengen i Granlia.

Du finn alle sesongane av Side om side i NRK TV.

Maskorama

Snømonsteret og Silje Nordnes under generalprøven av Maskorama-finalen
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Silje Nordnes og superdetektivane Marion Ravn, Jan Thomas og Nicolay Ramm er tilbake når åtte nye musikalske, og umusikalske, kjendisar skjuler seg bak dei mest utrulege masker. Maskoramapodden er og tilbake for å forsøke å nøste opp i dei ulike hinta.

Premiere 15. oktober.
Start jakta på dei maskerte songarane i NRK Radio.

Helene sjekker ut

Helene Sandvig
Foto: Anders Leines / NRK

Lakseoppdrett, transmiljø og unge på Mortensrud er blant tema Helene Sandvig ser nærare på i ein ny sesong av «Helene sjekker ut».

Norges tøffeste

Jørgine "Funkygine" Massa Vasstrand er tilbake med ein ny sesong Norges tøffeste
Foto: Erlend Lånke Solbu / NRK

Kven er den neste som fortener tittelen Norges tøffaste? Jørgine «Funkygine» Massa Vasstrand er programleiar når ti nye deltakarar står klare for å vise at nettopp dei har det som skal til. Gled deg til sesong fire av «Norges tøffeste» i haust.

Beat for Beat

Atle Pettersen, programleder i Beat for Beat 2020.
Foto: NRK

Atle Pettersen er tilbake saman med pianistlagleiarar Trond Nagell Dahl og Lars Andreas Aspesæter når norske kjendisar igjen skal få utfolde seg musikalsk.

Premiere 9. september på NRK1 og i NRK TV.

Ukjent arving

Programleiar Tarjei Strøm er igjen ute på jakt etter bortkomne arvingar
Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

I «Ukjent arving» tek Tarjei Strøm oss med på ei spanande jakt etter nokon som kan ta imot ein arv dei ikkje visste om. Det kan dreie seg om ein arv på mange millionar. Tarjei forsøkjer det myndigheitene ikkje har klart; å finne den rettmessige arvingen. Kven var mannen som lét etter seg seg femten millionar utan nokon til å arve dei?

Kan Tarjei finne nokon som får det store pengebeløpet? I andre sesong tek jakta på slektningar oss blant anna til Østfold, Voss, Bodø Ukraina, Tyskland.

Sjå det i NRK TV no, ny episode kvar søndag.

GYM 2

Mia Hundvin er tilbake som gymlærar i Gym 2.
Foto: NRK

Humorrealityen «GYM» er tilbake med nok ein forrykande sesong som sender kjendisar tilbake til gymsalen. Nokon huskjer gymtimen som einaste fritime på skulen, andre som eit sveitt og pubertalt mareritt.

Åtte meir eller mindre kjende deltakarar konkurrer i åtte ikoniske gymøvingar, i alt frå basketball til haien kjem. Målet er å få karakteren 6 av gymlærar Mia Hundvin og ende opp med best snitt. Ho har bestemt seg for å vere mykje strengare i år, det nye kullet får ikkje overtalt ho til å gi betre karakter.

Sjå det her i NRK TV.

Kunstnerliv

I Kunsterliv møter vi blant anna Amir Asgharnejad
Foto: Kamilla Marie Johnsen / NRK

Det vert ny sesong av «Kunstnerliv», serien der vi kjem tett på nokon av Noregs fremste kunstnarar og forbileta deira.

I haust møter vi:

  • Amir Asgharnejad og Arne Ekeland
  • Idun Baltzersen og Kjell Erik Killi Olsen
  • Marianne Hurum og Elisabeth Haarr
  • Lars Lofthus og Nikolai Astrup
  • Ane Barstad Solvang og Mette Hellenes
  • Máret Ánne Sárá og Niillas Somby

I desse dobbelportretta får vi eit innblikk i lik- og ulikskaper mellom dei to kunstnarane – og innpass i ei verd som det ellers ikkje er så lett tilgang til.

Havarikommisjonen

Bildet av programleder i Havarikommisjonen, med grafikk
Foto: Sara Høines

Det er duka for tredje sesong av «Havarikommisjonen» når programleiar Eivind Sæther er tilbake saman med psykologkommisjonen. Saman dykker dei ned i fleire havarerte parforhold.

Kongerekka

Kongerekka: Sigurd Jorsalfare
Illustrasjon: Kjersti Lofthaug / NRK

Are Sende Osen er tilbake med nye forteljingar om erobrerane, statsbyggjarane og rockestjernene i den norske «Kongerekka». Først ut er Sverre Sigurdsson som talte Roma midt i mot og vart lyst i bann av paven.

Om du treng å høyre deg opp på tidlegare kongar finn du alle episodene i NRK Radio.

Historiske kjendisar

Historiske kjendiser - plakatbilde
Foto: NRK

Det er klart for nye kjendisar frå historiebøkene når Alexandra Gjerpen er tilbake med ein ny sesong «Historiske kjendiser».

Høyr Historiske kjendiser i NRK Radio.

Sport

Fotball-EM

Carina Olset, Andreas Hagen, Elise Thorsnes, Carl-Erik Torp, Tete Lidbom, Patrick Rowlands og Andreas Stabrun Smith er noen av profilene som skal jobbe med fotball-EM for NRK.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK / TV 2

Frå 6. til 31. juli er seksten lag samla i England for å kjempe om å bli best på kontinentet. NRK satsar stort på meisterskapet i sommar, som vi sender saman med TV 2. Vi har sjølvsagt profilar som følgjer Noreg tett, i tillegg til team som skal reise rundt for å følgje dei andre laga. Carina Olset og Andreas Hagen leiar sendinga frå studio på Marienlyst. Med på laget får dei selskap av Aleksander Schau og andre spanande gjestar. På Noreg sine kampar, samt finalen, flyttar vi heile studiooperasjonen til England for å vere tett på laget. Andreas Stabrun Smith og Carl-Erik Torp er vårt faste kommentatorpar i England, i tillegg kommenterer Patrick Rowlands enkelte kampar. Olav Traaen kommenterer utvalde kampar for radio.

VM i friidrett

Jakob Ingebrigtsen
Foto: Lise Åserud

Frå 15. til 24. juli er det tid for det 18. verdensmeisterskapet i friidrett, denne gongen frå Eugene, Oregon i USA. NRK sender alt som skjer live, og fleire av dei største norske friidrettsnamna er aktuelle. Programleiar vert Ida Nysæter Rasch. VM vert kommentert av Jann Post, Christina Vukicevic og Vebjørn Rodal.

EM-veka i München

Tokyo 2020 Olympics, day 5, Beach Volleyball, Norway - ROC
Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN

11. til 21. august er fleire av dei største sommaridrettane samla til EM i München. I tillegg til friidrett inneheld meisterskapet roing, padling, sykkel, klatring, turn, bordtennis, sandvolleyball og triatlon. NRK sender direkte stort sett heile dagen. Det vil vere mange nordmenn i aksjon i dei ulike idrettane.

Toppidrettsveka

Igjen er det duka for toppidrettsveke!
Foto: Martin Riseth / NRK

25. til 27. august er Johannes Høsflot Klæbo og fleire av de andre store stjernene på plass under Toppidrettsveka. Fleire profilar frå både langrennslandslaget, kombinert og langløp vil delta på arrangementet, som har blitt eit av verdas største innan sommarski. Det blir blant anna spanande dueller i løypene som skal brukes under ski-VM i Granåsen i 2025. Harald Thingnes vil vere programleder.

Kjendis-VM

Det vert knall og fall når årets deltakarar får bryne seg på bryting.
Foto: Helene Mariussen / NRK

I fjerde sesong av humorprogrammet «Kjendis-VM» konkurrerer kjendisar for første gang i sommaridrettar, blant anna bryting, der landslagstrenar Fritz Aanes, kjend fra «Hodet i klemme», er mentor. Brytinga vert eit blodslit for deltakarane. I tillegg til bryting står friidrett og turn på programmet. To nye kjendis-lag konkurrerar mot kvarandre i kvar episode, i likskap med førre sesong er Ida Nysæther Rasch og Emil Gukild lagleiar for kvart sitt lag. Sesong fire av Kjendis-VM publiseres i NRK TV i samband med EM i friidrett og EM-veka.

Sjå det i NRK TV.

Fotball-VM

Ingerid Stenvold og Emil Gukild blir programledere når NRK skal sende fotball-VM fra Qatar i november og desember.
Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

21. november sparkar ein i gang fotball-VM i Qatar. NRK og TV 2 deler på rettigheitene til kampene. Foreløpig er det klart at Emil Gukild og Ingerid Stenvold leiar sendingane for NRK, medan Christian Nilssen og Andreas Stabrun Smith kommentere kampane. VM-studio vert i Oslo med ekspertar og gjester, i tillegg til journalistar på plass i Qatar.

Dei vil sjølvsagt dekke fotballen, men også ha et kritisk blikk på VM-arrangøren og bakteppet for meisterskapet. Andre profilar som foreløpig er klare er Åge Hareide, Carl-Erik Torp og Tete Lidbom.

Toppserien

Stor stemning på Stemmemyren i Bergen, rødkledte Brann-spillere jubler foran fullsatt tribune med fans
Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I haust skal dei beste laga på kvinnesida gjere opp seg i mellom. I august får vi dei fire avsluttande rundane av seriespelet, før alt skal avgjerast i sluttspelet. Christian Nilssen, Olav Traaen og Carl-Erik Torp kommenterer kampane. Tidlegare Lillestrøm- og landslagsspelar Ingrid Moe Wold kjem og til å vere med som studioekspert. Emil Gukild og Andreas Hagen leiar sendingane.

Anna sport du kan glede deg til å sjå på NRK i haust er blant anna VM i fischersjakk, cupen for kvinner, VM-kvalifiseringskampar for fotballjentene og vintersport.