Hopp til innhold
Info fra NRK

TV-aksjonen 2023: Her er programleiarane

TV-aksjonen i år skal leiast av Adelina Ibishi og Tarjei Strøm og blir for første gong send frå Bergen.

Adelina og Tarjei på trapp i bergensk smau.

TV-aksjonen har flytta til Bergen. No førebur Tarjei Strøm og Adelina Ibishi seg for sendinga den 22. oktober.

Foto: Eivind Senneset / NRK

Tarjei Strøm og Adelina Ibishi er vertskap for TV-sendinga som i år blir send frå spissen i Grieghallen. Søndag 22. oktober vil ca. 100.000 bøsseberarar banke på dører rundt om i Noreg. Inntektene går til Redd Barnas arbeid for å hjelpe barn som er ramma av krig og konflikt.

– Eg har sjølv gått med bøsse tallause gonger og kan framleis kjenne på spenninga rundt det å stå utanfor ei dør og vente på kven som opnar og kva dei vil gi. Så då eg vart spurd om å vere programleiar for aksjonen i år, svarte eg det raskaste «ja» eg nokon gong har svart, fortel Tarjei Strøm.

Sender frå heile landet

Den tre timar lange sendinga vil ha mange direkteinnslag frå heile landet og frå P3-aksjonen i Trondheim og Redd Barnas hus på Hasle i Oslo.

– Eg gler meg til å vere rundt omkring i krikar og krokar av landet via fantastisk flinke reporterar og til å sjå kva slags sprell folk har gjort for å samle inn pengar, og ikkje minst til å kjenne litt håp gjennom å sjå folk gi det dei kan, trass i både ruskevêr og renteaukar, seier Ibishi.

Ho har lang fartstid som programleiar på radio, TV-sending blir derimot noko litt nytt og skummelt. Men det er uansett ikkje det ho tenkjer mest på.

– Eg synest det er veldig givande å få lov til å jobbe med prosjekt som kjennest større enn ein sjølv, og forhåpentleg kan gi oss alle litt håp. Derfor synest eg det er stas å få vere programleiar for noko så fint som TV-aksjonen, seier ho.

Dette går pengane til

Det har aldri vore så mange barn på flukt som akkurat no, og kvart sjette barn i verda veks opp i krig og konflikt. Pengane frå TV-aksjonen i år skal fordelast mellom Redd Barna-prosjekt i Ukraina, Syria, Bangladesh, Sør-Sudan, DR Kongo og Noreg. I Noreg skal dei innsamla pengane brukast til Redd Barnas arbeid for barn som har flykta frå krig og konflikt. Les meir her: La barn leve i fred

Programleiarane er no godt i gang med førebuingane, der dei mellom anna lærer om Redd Barnas arbeid.

Treffer pappahjartet

– Eg har sjølv hatt det som kjennest som den tryggaste og finaste barndommen i verda og er trebarnsfar til trygge og gode barn. Det at langt frå alle har, eller har hatt det slik, er utruleg vondt å tenkje på. Dette er ei sak som treffer meg midt i pappahjartet, seier Strøm og held fram:

– Saka er kjempeviktig og noko som eg tenkjer mykje på. Eg håper vi kan samle oss som den deilige dugnads-nasjonen vi er, og bidra som berre det. Så håper eg at vi kan levere ei historisk TV-sending som speglar både viktig sak og deilig dugnadsånd - hjelpe meg som eg gler meg no!