Hopp til innhold
Info fra NRK

«Ueinig» – nytt debattprogram på NRK

I «Ueinig» vil programleiar Ingunn Solheim at vi skal bli betre på å vere ueinige. Kan ho få motpolar i harde og fastlåste debattar til å forstå kvarandre betre?

Frå Ueinig - Ytringsfridom. 
f.v Varin Hiwa, kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, programleiar Ingunn Solheim og Danby Choi, redaktør i Subjekt.

Programleiar Ingunn Solheim er tilbake med nye debattar i «Ueinig». Kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, Varin Hiwa, og redaktør for Subjekt, Danby Choi, diskuterar ytringsfridom i fyrste episode.

Foto: Erik Buraas / NRK

I debattprogrammet «Ueinig», som har premiere 9. november på NRK, møtast dei som står langt frå kvarandre i polariserte debattar om rusreform, ytringsfridom og straumprisar.

Debattreglane er endra og programleiaren skal sjå om ho kan få deltakarane til å nærme seg kvarandre – i staden for å auke avstanden mellom dei.

Deltakarane må blant anna stille kvarandre spørsmål og forsøke å lytte til kvarandre.

– Målet er både at sjåaren kan forstå kva dei ulike ståstadane handlar om og kvifor nokre debattar blir så harde og polariserte, fortel programleiar Ingunn Solheim.

Den erfarne programleiaren har eit brennande ønske om å få ta debattar eit steg vidare.

– Nokre gonger handlar det om å avklare kva dei faktisk er einige og ueinige om. Andre gonger handlar det om å rydde i eit spel der dei mistenkeleggjer kvarandre sine motiv for å skape meir konflikt enn det er grunnlag for, fortel ho.

Programleiar Ingunn Solheim. Bak er deltagarane i Ueinig.

9. november har «Ueinig» premiere på NRK. Ingunn Solheim leiar programmet kor dei som står langt frå kvarandre i polariserte debattar møtast.

Illustrasjon: NRK

Dei engasjerte

I «Ueinig» møter vi både unge engasjerte, samfunnstoppar, folk frå organisasjonar og politikarar.

– Vi ønskjer å fornye tv-debatten. Når deltakarane klarar å lytte til kvarandre så endar dei med å sei andre ting enn dei vanlegvis gjer. Då blir det enklare og meir spennande å følgje med, seier Solheim.

«Ueinig» er byggjer vidare på debattprogrammet «Einig?» frå valkampen i 2019. Denne gongen er det ikkje berre politikarar med og programleiaren er tilbake.

– Vi har gjort eit forsøk, men lovar ikkje revolusjon. Det er vanskeleg for mange å gå frå ein slags idè om å stå bak ein talarstol og avlevere argument, til å oppføre seg som ein er i ein samtale der ein er nysgjerrige på kvarandre, fortel programleiaren.

Opptak av Ueinig. Geir Evanger, nestleiar i Norsk Narkotikapolitiforeining, og Kenneth Arctander, leiar for brukarorganiasjonen RIO, diskutear rusreforma. Programleiar Ingunn Solheim i midten.

Opptak av «Ueinig» i Studio X. Geir Evanger, nestleiar i Norsk Narkotikapolitiforeining, og Kenneth Arctander, leiar for brukarorganiasjonen RIO, diskuterar rusreforma.

Foto: Erik Buraas / NRK

Solheim meiner politikarane klarar denne oppgåva dårlegast. Og her kjem ho med eit hjartesukk.

– Mange norske politikarar seier dei fryktar polarisering, mellom anna forstått som elleville kommentarfelt der folk byggjer opp fiendebilde, og snakkar om “tonen i debatten” som eit problem. Men i praksis viser det seg å vere vanskeleg for dei å endre stil sjølve. Det verkar som dei held fast på ei gammal oppskrift om å sei det dei har tenkt å sei på førehand, det trur eg ikkje når heim hos mange sjåarar, fortel Solheim.

Programleiar for Ueinig, Ingunn Solheim

Programleiar Ingunn Solheim håpar «Ueinig» kan få debattdeltagarane til å lytte til kvarandre.

Foto: Erik Buraas / NRK

Tre betente tema

Førebels har redaksjonen laga tre episodar, «Ytringsfridom», «Rusreforma» og «Straum».

– Det har vore vanskelegare enn vi trudde å få folk som er veldig ueinige til å møtast ansikt til ansikt. I episoden om rus sa nestleiar i Norsk Narkotikapolitiforeining, Geir Evanger, i utgangspunktet nei til å møte leiaren i RIO, Kenneth Arctander. Men han ombestemte seg og eg trur framleis han meiner det var verdt det, fortel Solheim.

Programleiar for Ueinig, Ingunn Solheim (t.h), Elisabeth Sæther, statssekretær Olje- og energidepartementet (Ap) og Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre, diskuterar straumprisar.

Programleiar for «Ueinig», Ingunn Solheim (t.h), Elisabeth Sæther, statssekretær i Olje- og energidepartementet (Ap) og Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre, diskuterar straumprisar.

Foto: David Dundas / NRK

Episoden om straumpriskrisa er eit forsøk på å hjelpe sjåaren i å forstå kvifor dette temaet blir så betent og polarisert, i staden for å leite etter konkrete løysingar.

– Vi i redaksjonen lurte veldig på om politikarane eigentleg berre brukar denne saka og krisa til eit retorisk spel der målet er å vinne veljarar. Begge sider skuldar kvarandre for å ikkje forstå kva det handlar om og kva årsaka til dei høge straumprisane er, det gjer det jo veldig vanskeleg å vite kva ein skal tru på.

I fyrste episode som handlar om ytringsfridom, møtes frå venstre, Jamal Sheik som driftar instagramkontoen Rasisme i Norge, Varin Hiwa som er kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, programleiar Ingunn Solheim, journalist Lars Akerhaug og Danby Choi, redaktør i Subjekt.

I fyrste episode som handlar om ytringsfridom, møtest frå venstre, Jamal Sheik som driftar instagramkontoen Rasisme i Norge, Varin Hiwa som er kommunikasjonsrådgjevar i Amnesty Norge, programleiar Ingunn Solheim, journalist Lars Akerhaug og Danby Choi, redaktør i Subjekt.

Foto: Erik Buraas / NRK

I episoden om ytringsfridom møttest fire personar, alle med sterke meiningar om tema.

– Mange tenkjer nok at ytringsfridomsdebattar fort blir høgtsvevande og diffuse. Men eg opplevde at deltakarane lytta til kvarandre, nokre endra oppfatning av kvarandre undervegs, diskusjonen vart ganske konkret og den tok stadig nye steg vidare. Dei er og blir ueinige om ein del, men dei viste genuin interesse for kvarandre, avsluttar ho.

«Ueinig» har premiere 9. november på strøymetenesta NRK TV og på NRK1.

Tema

Episode 1: YTRINGSFRIDOM

Frå Ueinig - ytringsfridom. Fra venstre, Jamal Sheik, driftar instagramkontoen Rasisme i Norge, Varin Hiwa som er kommunikasjonsrådgjevar Amnesty Norge, programleiar Ingunn Solheim, journalist Lars Akerhaug og Danby Choi, redaktør i Subjekt.
Foto: Erik Buraas / NRK

Er det mogleg å komme vidare i debatten om kva som er greitt å seie og ikkje, når ein har heilt ulik oppfatning av kva som er problemet? Redaktør i Subjekt, Danby Choi, meiner woke kneblar ytringsfridomen, Varin Hiwa synest woke er bra, og at netthets og rasisme er det som kneblar. Jamal Sheik har tatt rolla som ytringspoliti gjennom instagram-kontoen “Rasisme i Norge”. Medan Lars Akerhaug, tidlegare redaksjonssjef i Resett, er ferdig med rolla som ytringsfridomsfundamentalist.

Deltakarar:

  • Danby Choi, redaktør Subjekt
  • Lars Akerhaug, journalist
  • Varin Hiwa, kommunikasjonsrådgjevar Amnesty Norge
  • Jamal Sheik, driftar instagramkontoen Rasisme i Norge

Episode 2: RUS

I den andre episoden av Ueinig diskuterar Geir Evanger, nestleiar i Norsk Narkotikapolitiforeining, og Kenneth Arctander, leiar for brukarorganiasjonen RIO, rusreforma. Programleiar Ingunn SOlheim i midten.
Foto: Erik Buraas / NRK

Debatten om rusreforma har verka uforsonleg og hard. Statsadvokat og nestleiar i NNPF, Geir Evanger og leiar for brukarorganisasjonen RIO, Kenneth Arctander, står på kvar si side i spørsmålet om bruk av narkotika ikkje skal vere kriminelt lenger. Etter å ha sagt nei til dette møtet, har Geir bestemt seg for å likevel møte Kenneth for å fortelje korleis han har følt seg misforstått og hengt ut.

Deltakarar:

  • Kenneth Arctander, leiar brukarorganiasjonen RIO
  • Geir Evanger, nestleiar Norsk Narkotikapolitiforeining

Episode 3: STRAUM

Diskuterar straum: f.h. Jan Petter Sissener, investor,
Mímir Kristjánsson, stortingsrepresentant Raudt
Elisabeth Sæther, statssekretær Olje- og energidepartementet (Ap) og Ola Svenneby, leiar i Unge Høgre
Foto: David Dundas / NRK

Investor Jan Petter Sissener og Raudt-politikar Mimir Kristjansson står vanlegvis langt frå kvarandre politisk. Men ikkje i straumprisdebatten. Her er dei einige om at styremaktene er udugelege og nærast ranar vanlege folk. Meiner dei verkeleg dette, eller er det eit politisk spel? Dei møter Elisabeth Sæter frå Arbeiderpartiet og Unge Høgre-leiar Ola Svenneby.

Deltakarar:

  • Jan Petter Sissener, investor
  • Mímir Kristjánsson, stortingsrepresentant Raudt
  • Elisabeth Sæther, statssekretær Olje- og energidepartementet (Ap)
  • Ola Svenneby, leiar Unge Høgre