Rekordstor julehandel

I år kjem nordmenn til å julehandle for over 10 000 kroner kvar. Vi i Oslo og Akershus er dei som kjem til å bruke mest.

Julevindu

Vi er knapt halvvegs i november, men julepynten og julegåvene er allereie på plass i butikkane.

Foto: Daria Zoric / NRK

Betzy Wammer

Betzy Wammer har ikkje byrja julehandelen enda, men har allereie tankar om kva som kjem til å liggje under treet i år.

Foto: Daria Zoric / NRK

– Eg kosar meg med julehandelen, fortel Betzy Wammer.

Og ho er ikkje aleine om det. I fjor handla vi for 9900 kroner per innbyggjar, i år reknar Hovedorganisasjonen Virke med at vi kjem til å gå over kneika på 10 000 kroner.

Tradisjonell julehandel

Dette vil seie at vi i Noreg til saman kjem til å handle for heile 50 milliardar kroner i desember.

Wammer har ikkje byrja julehandelen sjølv enda, men har planane klare for julegåvene likevel.

– Eg går gjerne for brukarvenlege ting som klede, seier ho.

Vibeke Hammer Madsen

Vibeke Hammer Madsen, administrerende direktør i Hovedorganisasjonen Virke.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Og framleis kjem det til å vere aller mest kle, elektriske varer og sportsutstyr under juletreet.

Les også: Ikkje gi kjæledyr i julegåve

– Vi reknar med at mellom anna at produktlanseringane til Apple tidligare i haust, kjem til å generere ein del sal av el-produktar, seier Vibeke Hammer Madsen, administrerande direktør i Virke.

Her kjem vi til å handle mest i desember:

  1. Daglegvarebutikkar
  2. Klesbutikkar
  3. Elektrobutikkar
  4. Vinmonopol- og taxfreeutsal
  5. Sportsbutikkar

Mange butikkar er avhengige av desember

Julehandelen er for mange butikkar heilt avgjerande for at økonomien skal gå rundt.

Dårleg julehandel kan for mange bety dårleg økonomi heile året etter. Det er difor mange av desse butikkane som er avhengige av at det vert lansert nye ting vi forbrukarar kan vere ekstra interesserte i.

Desse er mest avhengig av julehandelen:

  1. Leiketøysbutikkar
  2. Platebutikkar
  3. Gullsmedbutikkar

Både leikebutikkar og platebutikkar har 3,5 gonger så høg omsetjing som resten av året.

Les også: I år kjem julegåvene med posten

Hyggestund i førjulstida

– Over 40 prosent av det vi bruker i julehandelen går til mat og drikke, fortel Madsen.

Madsen fortel at når vi handlar julegåver nyttar vi også anledninga til ei ekstra hyggestund med venar og familie, der vi kombinerer julehandelen med mellom anna gode middagar, galleribesøk og konsertar.

– Vinmonopolet merkar óg stor auke i ølsalet. Så mykje som ein tredjedel av alt ølsalet til deira skjer i desember, seier Madsen.

Førjulshygge med familien i storbyen er også med på å forklare kvifor Oslo ligg på topp når det kjem til omsetjing per innbyggjar. Mange tilreisande julehandlarar gjer at ein reknar med det kjem til å bli omsatt for over 11 000 kroner per innbyggjar i Oslo.

Reiser og gode formål

Rolf Forsdahl

Rolf Forsdahl, direktør for utanlandsreise i Hovedorganisasjonen Virke.

Foto: Jean Christine Cena / NRK

Utanom dei vanlege mjuke og harde gåvene under juletreet, merkar Virke også ei god auke i både reisegåver og gåver til ideelle organisasjonar.

– Forbrukaren har vorte meir opptatt av å gi gåver som gir meir meining, seier Madsen. – Dessutan har organisasjonane sjølve også vorte flinkare til å leggje til rette for at det skal vere enklare for forbrukaren å gi denne typen gåver.

Les også: Gi blod i julegåve

Les også: Fleire gir gåver med meining

Direktør for utanlandsreiser i Virke, Rolf Forsdahl, trur at mange ikkje får nok tid saman i kvardagen, og dermed legg opp til reisegåver for å kunne få meir kvalitetstid.

– Reisegåver er spesielt populære blant besteforeldre som vil ta med seg barn og barnebarn på tur, fortel Forsdahl

Betre økonomi

Virke reknar med at veksten i julehandelen skuldast at vi no har betre økonomi enn tidligare, og at det dessutan har vore ei befolkningsvekst. Vi har heller ikkje hatt nokon store negative økonomiske overraskingar, som straumsjokk eller rentehopp.