Hopp til innhold

Får meir tid til observasjon av Sigrid-sikta

Dei psykiatrisk sakkunnige har fått utvida frist til 12. april med å observere den 37 år gamle mannen som er sikta for drapet på Sigrid Giskegjerde Schjetne.

Sikta 37-åring saman med forsvarar John Christian Elden.

Den sikta 37-åringen saman med advokaten sin, John Christian Elden.

Foto: NRK

Det var dei sakkunnige som bad om forlengja tidsfrist. Den opphavlege fristen gjekk ut i dag. 37-åringen har vore under tvangsobservasjon av dei sakkunnige på regional tryggingsavdeling på Dikemark sjukehus i Asker.

Forsvarar John Christian Elden seier til NRK.no at det er rimeleg at dei sakkunnige får bruke den tida dei treng for å sikre eit rett resultat. Han reknar likevel med at klienten hans uansett kan sleppe ut frå Dikemark.

37-åringen meiner sjølv at han ikkje høyrer heime der og har nekta å snakke med politiet sidan han kom til sjukehuset- Men Elden har tidlegare sagt at han vil snakke igjen om når han slepp ut.

Sist veke vart varetektsfengslinga av 37-åringen utvida med fire nye veker med brev- og besøksforbod i heile perioden.

Når den forlengde perioden vil 37-åringen ha vore varetektsfengsla i godt over fem månader.

LES OGSÅ: Fant Sigrids blod i drapssiktedes campingvogn

LES OGSÅ: – Sakkyndige vil se Sigrid-siktet på psykiatrisk sykehus

LES OGSÅ: Sigrid-pårørende utsatt for sjikane