NRK Meny
Normal

TV 2: Mann sikta for falsk forklaring i Sigrid-saka

Ifølgje TV 2 har politiet sikta ein person for falsk forklaring i samband med forsvinninga til Sigrid Giskegjerde Schjetne.

Sigrid Giskegjerde Schjetne

Sigrid Giskegjerde Schjetne (16) har vore sakna sidan 4. august.

Foto: Privat / NTB scanpix

Mannen skal ha vore inne til vitneavhøyr tidlegare, men politiet meiner at han snakkar usant, skriv TV 2.

Politiinspektør Hanne Kristin Rohde ved Oslo politidistrikt vil ikkje stadfeste om opplysningane stemmer.

– Må ta det i vårt tempo

– Det er klart at me i ein så stor etterforsking alltid vil ettergå vitneforklaringar ekstra grundig, men me kan ikkje kome inn på kva den generelle statusen er, seier Rohde.

Men politiet vil heller ikkje avkrefte opplysningane.

– Det er av omsyn til etterforskinga. Det er enkelte ting me må ha lov til å ta i vårt tempo, seier Rohde til TV 2.

Ingen i politiet vil stadfeste eller avkrefte opplysningane frå TV 2 overfor NRK.

Heller ikkje bistandsadvokaten til familien, Harald Stabell, ønskjer å kommentere saka.

Tre veker sidan forsvinninga

Det er no meir enn tre veker sidan 16 år gamle Sigrid Giskegjerde Schjetne forsvann i Oslo den 4. august. Ho kom ikkje heim når ho skulle, etter å ha besøkt ei venninne.

Det er cirka to kilometer frå venninna til heimen til Sigrid. Mobiltelefonen, sko og ein sokken til Sigrid vart funnen ved Østensjø Kanvas barnehage, cirka 300 meter frå heimen til Sigrids.

Sidan forsvinninga har mange hundre frivillige vore med på leitinga etter 16-åringen. Politiet har fått inn over 2.500 tips i saka, og familien har lova ut ein dusør på éin million kroner til opplysningar som kan føre til at jenta kjem til rette.

Foreldrene til Sigrid Giskegjerde Schjetne håper at dusøren vil hjelpe de å finne datteren.

SJÅ VIDEO: Sigrids foreldre utlovar dusør på éin million kroner.

Flere hundre frivillige har vært med på å lete etter Sigrid Giskegjerde Schjetne forsvant ved Østensjø i Oslo.

SJÅ VIDEO: Sigrids foreldre takkar alle dei frivillige for hjelpa med leitinga.