Hopp til innhold

Stenger sjøbad grunna mogleg kloakkutslepp: – Heilt idiotisk

SØRENGA SJØBAD (NRK): Kloakkutslepp kan føre til at 700.000 liter kloakk hamnar i fjorden i natt. Det får badegjestane til å koke.

Sørenga sjøbad

Populære Sørenga sjøbad i Oslo vert natt til torsdag stengt grunna arbeid med Follobanen. 700.000 liter kloakk kan hamne i sjøen.

Foto: Ketil Kern / NRK

– Det høyrast ikkje særleg delikat ut, og passar veldig dårleg midt i sommarsesongen, seier Anniken Aandal Kiste til NRK.

Ho og venninna Camilla Sporsheim er to av mange som bruker Sørenga flittig i sommarvarmen.

Anniken Aandal Kiste og Camilla Sporsheim på Sørenga

Venninnene Anniken og Camilla synest det er heilt idiotisk å stenge sjøbadet på ein så varm dag.

Foto: Ketil Kern / NRK

Synest du det er ei god vurdering å stenge på ein så varm dag?

– Nei, det er heilt idiotisk. Det er jo no det er 28–30 grader, så dei kunne gjerne valt eit anna tidspunkt, seier Sporsheim.

Vil ikkje vere stengt lenge

I forbinding med sikringstiltak knytt til Follobanens tunnelboring under Kværnertunnelen, er det bestemt at Sørenga sjøbad blir stengt natt til torsdag.

Arbeidet byrjar seint i kveld, og vil halde fram i fire timar, så framt det ikkje skjer komplikasjonar.

Avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Oslo vann- og avløpsetat, Sigurd Grande, meiner den populære badestaden ikkje vil bli stengt lenge.

– Om det i natt skulle bli eit kloakkutslepp, vil det ta kort tid før det er utvatna og badekvaliteten er fin igjen, seier Hamre til NRK.

Ikkje uvanleg at utslepp i fjorden skjer

Det er ikkje sikkert at det vert kloakkutslepp i hamnebassenget medan arbeidet i natt held på, men det er heller ikkje uvanleg at det skjer.

– Viss det i natt skulle bli eit utslepp i hamnebassenget, så vil det ta kort til før det er utvatna og badekvaliteten er tilbake til det normale, seier Grande.

Dersom kloakkutsleppet går ut i fjorden, vil 700.000 liter kloakk hamne i sjøen.

– Forferdeleg trist

Det er kommuneoverlegen i Oslo, Tore Steen, som har teke avgjerda om å stenge den populære badestaden. Dette er meint som eit «føre var-prinsipp», skriv Nettavisen.

– Vi har valt å stenge Sørenga dagen etter utsleppet, fram til vi får klarleik i om noko avløpsvatn har rent ut i elva og i fjorden, og då får tatt analysar av vasskvaliteten, seier kommunikasjonssjef i Bymiljøetaten i Oslo kommune, Richard Kongsteien, til Nettavisen.

Jan Evjan, besøkande på Sørenga

Jan Evjan meiner det er dårleg planlegging å stenge Sørenga på ein av dei varmaste dagane i året.

Foto: Ketil Kern / NRK

Jan Evjan frå Trøndelag synest Sørenga er ein flott plass som er godt eina for dei som er glade i å sole seg og bade midt i sentrum.

– Det er heilt utruleg dårleg planlegging, og det er jo forferdeleg trist, seier Evjen.

Rudi Simmons tykkjer òg det er trist at badestaden skal stenge.

Rudi Simmons på Sørenga

Rudi Simmons drar på Sørenga meiner det er dårleg timing å stenge Sørenga midt på sommaren.

Foto: Ketil Kern / NRK

– Det er forferdeleg og veldig surt. Vi har akkurat fått denne staden, og så blir det tatt frå oss.

Det er ikkje lenge sidan sist gong Sørenga måtte stenge. Den gongen var det grunna oljesøl.

Mest gunstig tidspunkt

Fleire av badegjestane NRK har prata med på Sørenga onsdag, meiner det er heilt feil å stenge badestaden på ein av dei varmaste dagane i året.

Ifølgje Sigurd Grande i Oslo vann- og avløpsetat, er det ein god grunn til kvifor dei vel å gjere det akkurat no.

– Det er mest gunstig å gjere det no, fordi det er lite nedbør. Derfor er vi ekstra glad for tørka, sidan det no er lite grunnvatn i systemet.

Hadde det blitt gjort medan det var fuktigare i vêret og nedbør, ville jobben vore vanskelegare.

– Eg har stor tru på at det ikkje går ut i fjorden. Dersom vi skulle vere uheldige, så blir Sørenga stengt for ein veldig kort periode, seier Grande.