Politiet sirklar seg inn i søket etter Sigrid (16)

SKULLERUD (NRK.no): Politiet seier at dei måndag kveld fekk inn nye interessante opplysningar. Det førte til at dei sperra av eit nytt område.

Avsperring Skullerud

Det siste i forsvinningssaka er at politiet no har sperra av eit område ved Skullerud.

Foto: Olav Rønneberg / NRK

Områda som var sperra av ligg nokre hundre meter aust for Skullerud i den søraustlege delen av Oslo. Politiet festa sperringane ved 21-tida i kveld. Ved 23-tida heva dei sperringane.

Politiet stadfestar i ei pressemelding at dei har gjort funn, men at det er usikkert om dei kan knyte dette til forsvinninga.

Dei vil halde fram søket i natt, men berre med profesjonelle mannskap. Dei rådar frivillige til å halde seg vekke frå området, då dei ser det som farleg å leite i mørket.

Han opplyser at grunnen til at dei sperra av området var fordi dei ikkje ønskte at sivile skulle kome inn og øydeleggje eventuelle spor. Han vil ikkje seie noko om kva slags opplysningar som gjorde at dei sirkla inn dette området.

Alver opplyser vidare at det i morgon tidleg vil kome friskt nytt mannskap som skal leite vidare, og kanskje i nye område.

16 år gamle Sigrid Giskegjerde Schjetne vart meldt sakna klokka 00.30 natt til søndag, då ho ikkje kom heim som avtala etter å ha vore hos ei venninne.

Nye opplysningar

Lasse Alver

Innsatsleiar Lasse Alver i Oslo-politiet stadfestar at dei har kome eit hakk vidare i søket.

Foto: Svein Olsson / NRK

– Det har kome fram opplysningar dei siste par timane som gjer nokre område meir interessante, seier innsatsleiar for Oslo-politiet, Lasse Alver til NRK.no.

Områda han snakkar om er Skullerud mot Grønmo og søraust for Skullerud. Områda ligg i den søraustlege delen av Oslo.

– Det er ikkje vitneobservasjonar, men andre ting som har kome fram.

– Kva då?

– Det kan eg ikkje seie noko om, svarar Alver.

Vil ikkje ha fleire frivillige

Politiet har altså sirkla seg inn mot dette området no, i tillegg til at det er rundt 150 til 200 frivillige i området. Frivillige søkjer også i store delar av Stor-Oslo.

Men politiet rådar ikkje frivillige til å trekkje seg mot Skullerud. Dei ønskjer å halde områda politiet og dei frivillige jobbar med skilt frå kvarandre.

Politiet nyttar no 22 hundeekvipasjar i søket, men vil ikkje opplyse totalt kor mykje ressursar dei nyttar.

Dei frivillige har meldt i fra om fleire funn i løpet av kvelden, men det er førebels ikkje noko som kan relaterast til den sakna 16-åringen.

– Det er gjort funn som solbrillar, veske og truse, men det er naturleg at slike ting vert funne når ein går manngard. Det er ikkje noko spesielt som gjer at me kan knytte dette opp mot den sakna, seier Alver.

Politiet har trappa opp etterfoskinga og leiteaksjonen kraftig frå i dag av. Politi, hundeførarar med spesialtrente hundar og ambulansemannskap er på plass ved ein felles base ved Skullerudstua, ein av innfallsportane til Austmarka.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.