Hopp til innhold

Sikta 64-åring i nytt maratonavhøyr

Den 64 år gamle mannen som er sikta i Sigrid-saka, var måndag gjennom eit nytt maratonavhøyr.

Aase Karine Sigmond

Aase Karin Sigmond seier at klienten hennar ynskjer å bli sjekka ut av saka så fort som mogleg.

Foto: Svein Olsson, NRK

Forsvararen hans, Aase Karin Sigmond, seier til NRK.no at klienten hennar samarbeider fullt ut med politiet, og at han er ivrig etter å ha blitt sjekka ut av saka. Ho oppfattar ikkje avhøyra måndag som meir konfronterande enn tidlegare.

Også politiet har tidlegare sagt at 64-åringen er samarbeidsvillig.

Vil bli ferdig

Sigmond kan ikkje gå inn på kva politiet har spurt han ut om i dag, men seier at han til tider lurer på kva politiet er ute etter.

Sigmond fortel at 64-åringen er innstilt på å bli ferdig med avhøyra så fort som mogleg, men at det truleg ikkje blir nye avhøyr tysdag.

Sist fredag vart både 64-åringen og den medsikta 37-åringen dømd til to nye veker i isolasjon. Forsvarar Aase Karin Sigmond kravde før rettsmøtet at klienten hennar skulle setjast fri, men ho fekk ikkje støtte frå dommar Hanna Nymoen.

Sigmond meiner politiet sine bevis mot klienten hennar er så svake at han burde setjast fri .

LES OGSÅ:

Obduksjonsrapport

I avgjerda i Oslo tingrett sist fredag vart det lagt vekt på at det ikkje finst ein endeleg obduksjonsrapport som kan seie noko sikkert om dødsårsaka. Det heiter vidare at teorien om at Sigrid vart utsett for ei bilulukke, synest i alle fall ikkje å vere styrkt.

Tingrettsdommar Hanne Nymoen skriv vidare i at retten finn det mest sannsynleg at Sigrid Giskegjerde Schjetnes død mest sannsynleg ikkje har blitt forårsaka av ei trafikkulukke, men at det er snakk om forsettleg drap.

Retten meiner også at det ikkje er mogleg å seie noko om alibiet til 64-åringen det tidspunktet då Sigrid forsvann. Vidare blir det understreka at forsvinningstidspunktet ikkje treng vere identisk med drapstidspunktet. Dermed er ikkje spørsmålet om alibi avgjerande for mistankespørsmålet.