Hopp til innhold

Politiet har måtta auke kapasiteten i Sigrid-saka

Politiet blir oversvømt av tips i Sigrid-saka og har måtta be om forsterkingar. Samstundet gir ikkje dei friviljuge opp håpet om å finne jenta, og finkjemmer område to gonger.

Søk etter Sigrid

Dei kring 300 friviljuge som møtte fram ved Østensjø skule vart delte inn i grupper, som fekk klar beskjed om kva dei skulle sjå etter, og kva dei måtte gjere om dei fant noko.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Sigrid Giskegjerde Schjetne (16) forsvann på veg heim på Østensjø i Oslo natt til søndag 5. august.

Grete Lien Metlid

Grete Lien Metlid.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Poltiet bruker no mykje tid og ressursar på å gå gjennom det omfattande etterforskingsmaterialet dei har i saka.

– Me har fått inn 1360 tips, men i realiteten så er nok talet oppe i 1400 sidan nokre av dei går rett til avhøyr, seier leiar for Valdsavsnittet i Oslo politidistrikt, politioverbetjent Grete Lien Metlid.

Forsterkingar

Mobiltelefonen til jenta vart funnen ved ein barnehage like ved der ho bur, og siste livsteikn kan vere ein tekstmelding sendt frå denne.

Leiting etter Sigrid

Folk måtte få med seg drikke i det varme vêret.

Foto: Agnese Bremere / NRK

All data mobiltelefonen til Sigrid kan gi, samt andre elektroniske spor blir etterforska av ei eiga analyseeining frå KRIPOS fortel Metlid.

– Det er store mengder informasjon og det er tidkrevjande. Me har måtta styrka kapasiteten og be om forsterkningar, seier ho.

Ho understrekar at politiet framleis er interesserte i tips frå publikum.

300 møtte fram for å leite

Samstundes møtte kring 300 friviljuge fram i strålande vêr laurdag for å leite i områda rundt Østensjø og Manglerud, sjølv om dette er område som alt har vorte gjennomsøkt.

Ingvild Kilander

Talsperson for familien, Ingvild Kilander.

Foto: Agnese Bremere / NRK

– Dette handlar om noko j....g viktig. Nabojenta vår! Leit! sa talsperson for dei friviljuge, Bent Eriksen i apellen sin før leitinga tok til.

Korkje familien eller dei friviljuge vil gi opp håpet om å finne jenta i live.

– Gå og leit i det området som gjer at du ikkje får sove før du har leitt der, sa Eriksen.

– Eg klarar ikkje å tru noko anna enn at me finn ho i live, seier talsperson for familien til Sigrid, Ingvild Kilander, som bur vegg i vegg med familien.

(Saka held fram)

Søk etter Sigrid Giskegjerde Schjetne

Nøklevannet ro- og padleklubb var med på leitinga.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Ville ikkje sitje heime

Snorklarar søkte gjennom område i Nøklevannet, medan friviljuge frå «Nøklevann ro- og padleklubb» saumfarte langs breiddene.

– Me ser ned i vatnet og stikk ned åra, men til no har me ikkje funne noko relevant, seier Edith Holmqvist frå klubben.

Linn Dalen Lyberg (29) frå Høybråten var ei av dei som var ute på leiting etter spor av Sigrid.

– Eg har born sjølv, men det er vanskeleg å setje seg inn i. Det er heilt forferdeleg, seier ho.

(Saka held fram)

Søk etter Sigrid Giskegjerde Schjetne

Linn Dalen Lyberg og fleire med ho skal gjere det dei kan for å finne Sigrid.

Foto: Agnese Bremere / NRK

Lyberg fekk høyre om forsvinninga gjennom media.

– Hadde det ikkje vore for at media har fokus på saka, så hade me jo ikkje fått det med oss, seier ho.

Ingvild Kilander seier familien synest det er rørande at så mange ynskjer å hjelpe.

– Engasjementet til dei friviljuge er det som held motet til familen oppe, seier ho.