Hopp til innhold

Ingen skadd i bygningskollaps i Oslo

Delar av ein bygning har rasa saman under rivingsarbeid på Carl Berners plass i Oslo. Ingen vart skadd, opplyser innsatsleiar Svend Bjelland i Oslo-politiet.

Bygningskollaps på Carl Berner.

Det blir arbeidd intenst på staden der ein vegg raste ned frå ein bygning under oppussing på Carl Berners plass i Oslo.

Foto: Vilde Hjort Batzer / NRK

Det er ein vegg på bygningen som har rasa samen. Delar av veggen har rasa ned like ved ein busshaldeplass i Trondheimsveien. Operasjonsleiar Christian Krohn Engeseth i Oslo-politiet sa tidlegare i kveld at dei tok høgde for at menneske kan vere fanga under bygningsmassane.

Ingen skadd

Etter rundt ein time var det klart at ingen var skadd i bygningsraset.

Dei hadde ikkje fått melding om at nokon han hamna under den samanraste veggen, men jobba for å skaffe seg oversikt. Alle naudetatane var på staden. Hundepatruljar deltok i søket i ruinane saman med brannvesenet, opplyser politiet.

Også redningsavdelinga til brannvesenet er på staden.

Reporter Viljam Broahl og Innsatsleder i Oslo politidistrikt Svend Bjelland

VIDEO: Politiet om den samanraste veggen.

Trafikk-problem

Politiet opplyser at ulukka fører til avgrensa framkomst i Carl Berner-krysset og ber bilistar om å velje andre vegar. Trikken er utan straum, og blir ståande fram til området er rydda, opplyser politiet.

Politiet melde frå om ulukka klokka 18 i kveld. Like før klokka 19 var situasjonen avklart, etter at redningsmannskap hadde gått gjennom ruinane med hundar.

Bygningskollaps på Carl Berners plass i Oslo.

Veggen på ein bygning rasa saman under rivingsarbeid på Carl Berners plass i Oslo i kveld.

Foto: Martin Joheim / NRK
Bygningskollaps på Carl Berner-

Det blir søkt gjennom ruinane av den samanraste veggen.

Foto: Vilde Hjort Batzer / NRK
Utrykning ved Carl Berners plass
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold