Hopp til innhold

Forsvararen: – Han er svært lei seg

– Han er svært lei seg for den tragiske hendinga, seier advokaten til mannen som er sikta for å ha køyrd på fem syklistar og drepe éin av dei nær Gardermoen laurdag kveld.

Fem syklister påkjørt

Ein syklist omkom etter påkøyrsla ved Gardermoen laurdag.

Foto: Odd Iversen / NRK

Politiet har søndag ettermiddag avhøyrt bilføraren som er sikta for aktlaust drap og aktlaus køyring etter å ha køyrt inn i ei gruppe med syklistar laurdag ettermiddag.

– Han er svært lei seg for den tragiske hendinga som har funne stad og utfallet av den, seier forsvararen til mannen, Andreas Ihlebæk til NRK.

Ihlebæk vil ikkje kommentera korleis klienten, ein mann (45) frå Nannestad, stiller seg til siktinga eller kva han har forklart til politiet i avhøyr i dag.

– Men han tek sjølvsagt dette svært tungt, fortel advokaten.

I sorg

Det var 22 år gamle Petter Omsland Nikolaisen som omkom då han og fire andre syklistar blei påkøyrde av ein bil under ein treningstur laurdag ettermiddag.

Ulukka skjedde ved eit kryss like vest for flyplassen på Gardermoen.

Éin av syklistane blei lettare såra, medan dei tre andre kom fysisk uskadde frå den tragiske ulukka.

I innlegg på Facebook takkar fleire av dei fire overlevande i dag for all støtte og sørgjer over kameraten som ikkje var like heldig.

– Farvel Petter Nikolaisen! Eg kjem til å sakna deg så vanvettig mykje!, skriv ein klubbkamerat i OSI på Facebook.

Også tankane til ein av dei involverte frå sykkelklubben IF Frøy i Oslo går til familien og venene til sykkelkameraten som mista livet. Samstundes oppmodar Frøy-syklisten andre til å vera forsiktige i trafikken.

– Som aktive syklistar opplever me nærmast dagleg forbikøyringar som kunne ha enda slik som denne. Ta vare på deg sjølv og andre når du ferdast i trafikken, er bokdskapen hans i Facebook-innlegget.

Ødelagt sykkel i veigrøfta etter påkjørsel nær Gardermoen

Syklistane som overlevde ulukka ved ved krysset mellom E16 og fylkesvei 176 vest for Gardermoen sørgjer over kameraten som mista livet - 22 år gamal.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Politiet rosar sykkelkamerat

Bilføraren som køyrde på dei fem syklistane ved Gardermoen stakk av frå staden.

Ein av sykkelkameratane hoppa inn i bilen til eit vitne og tok opp jakta på ulukkessjåføren. Det var takka vere deira observasjonar at politiet kort tid ettterpå kunne lokalisera og pågripa føraren, fortel lensmann Bjørn Hoff.

Lensmannen rosar også kameratane for å ha sete i gang livreddande førstehjelp på staden, ifølgje TV2.

Mannen i 40 åra frå Nannestad er no sikta for uaktsamt drap og uaktsam køyring. Førebelse testar gir mistanke om promillekøyring. Politiet hadde søndag morgon ikkje avhøyrt føraren. Basert på etterforskinga så langt, meiner dei at bilisten under ei forbikøyring støytte inn i sykkelteamet som låg i motgåande køyrefelt.

Advokat Andreas Ihlebæk ville søndag føremiddag ikkje kommentera korleis klienten hans stiller seg til siktinga.