Mobiliserer til folkeaksjon for å finna Sigrid (16)

Over 500 frivillige stilte opp for å bli med på søket etter Sigrid Giskegjerde Schjetne måndag kveld. Dei gir seg ikkje før 16-åringen er funnen.

Klokka 17.30 vart det kalla inn til ny samling ved Østensjø skule for å dele ut nye leiteområde i søket etter Sigrid Schjetne (16). Dei reknar at det no er rundt 500 frivillige som leitar.

Fotballprofilen Bengt Eriksen er med å organisere søket. Han er sjølv ein bekjent av familien til Sigrid, og har som tidlegare fotballtrenar god erfaring med å organisere forsamlingar. Han meiner det er god grunn til å håpe då han såg kor mange som hadde møtt opp.

– Det er svært lett at håpløysa slår ut for fullt. men når eg ser så mange som er kome hit, er det ingen teikn til det. Det er heilt utruleg å sjå utover forsamlinga. Tusen takk, sa Eriksen til folkemengda.

Saman med dei frivillige har han organisert nye leiteområde.

– Områda er stadar ein drar dersom ein har grusomme og sjuskete tankar, og vil vere uforstyrra. Det er ingenting anna å gå etter enn at det er snakk om ei sakna jente på 16 år, seier Bengt Eriksen til NRK.no.

Dei nye områda inkluderar Nittedal, Nesodden, Bogstad, Brenna, Holmlia, Mortensrud, Fornebulandet, Bygdøy og Lommedalen.

Ser etter alt som stikk seg ut

Sigrid Giskegjerde Schjetne

SAKNA: 16 år gamle Sigrid Giskegjerde Schjetne var sist sett laurdag kveld.

Foto: Privat / NTB scanpix

Dei kranglar seg gjennom tett skog, steinrøyser, buskar og kratt. Gåstavar og stokkar legg det knehøge, frodige graset flatt. Sjølv brennesle-tuene blir saumfarte. Dei snur på steinar - bokstaveleg talt.

Naboar og vener av familien til Sigrid Schjetne stiller mannsterke opp for å leita etter den sakna jenta.

– Me ser etter alt som stikk seg ut og vekkjer merksemd i terrenget. Veska hennar, hud, hår. Kva som helst. Det er viktig at familien får eit svar, seier Vanja Blix Langsrud, ein nabo som står familien nær.

(artikkelen held fram under videoen)

Over 500 frivillige stilte opp for å bli med på søket etter Sigrid Giskegjerde Schjetne måndag kveld. Dei gir seg ikkje før 16-åringen er funnen.

KLIKK FOR VIDE: Leiteaksjonen held fram etter Sigrid (16).

Lokalbefolkninga stiller mannsterke

Langsrud er også læraren til Sigrid si veslesyster på Østensjø skule i Oslo.

Ho har kledd seg i raude turklede med sekk på ryggen og stav i handa. I to dagar har ho leita etter den sakna jenta i Oslo-marka, saman med fleire titals andre frivillige frå nærområdet.

– Eg tenkjer på familien. Sigrid må bli funnen, seier Langsrud.

Om lag 100 frivillige stilte måndag morgon på det varsla infomøtet om leiteaksjonen etter Sigrid Schjetne, som forsvann frå Østensjø i Oslo natt til søndag.

Måndag kveld hadde talet på frivillige passert 400. Unge og gamle melder seg med gåstavar og hundar, godt førebudde med fjellsko og støvlar.

– Me må halda alle moglegheiter opne, seier Erik Kleiva, som er ein god ven av faren til den sakna tenåringen.

Han er også med i gruppa som leitar ved Maridalen, i eit område som også blei gjennomsøkt søndag.

– I dag går me over same området igjen for å kvalitetssikra. Me går enda grundigare til verks, og vil i tillegg sjekka busslommane langs vegane i nærleiken, seier Kleiva før han halsar av garde inn i buskaset igjen.

Dei frivillige har inga tid å mista.

(artikkelen held fram under biletet)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Veldig kupert og utfordrande

Også frå politiet si side blei etterforskinga og leiteaksjonen trappa kraftig opp måndag. Politi, hundeførarar med spesialtrente hundar og ambulansemannskap er på plass ved ein felles base ved Skullerudstua, ein av innfallsportane til Austmarka.

På bakken er stemninga er alvorstynga og lågmælt. Lyden av eit helikopter som krinsar over den store skogkledde marka får folk til å lyfta håpefulle blikk opp mot himmelen.

– Politihelikopteret får ein annan vinkel enn bakkemannskapet. Det søkjer både visuelt og med varmesøkjande sensorar, fortel operasjonsleiar for politiet, Thor Langli.

Han er også på plass ved Skullerudstua, som politiet la under lupa måndag. Frå Østensjø barnehage, der politiet fann mobiltelefonen, skoa og sokkane til den sakna, er det nemleg kort veg til Skullerudstua med sine romslege parkeringsområde.

Ruta mellom åstaden og Skullerudstua går dessutan langs ein hovudveg som fører direkte til marka-inngangen, utan å måtte køyra gjennom tett busetnad.

– Dei som leitar her har litt av ein jobb. Terrenget er veldig kupert og utfordrande. Det tek mykje tid, men det er flinke folk som er i aksjon, seier Langli.

Hundar i motvind

To av dei som trassar ugjestmildt terreng i håp om å finna Sigrid, er redningshunden Indy (3) og beredskapsansvarleg for Norske Hundeførere i Oslo, Espen Lindgren.

Den belgiske gjetarhunden er ein av totalt 16 redningshundar som måndag er med i søket etter ungjenta som forsvann sporlaust 300 meter frå heimen sin då ho var på veg heim frå ei veninne.

– Hundane våre er godt trente på å kjenna att menneskelukt. Dei veit godt kva oppdraget går ut på, og er klare til innsats med ein gong dei får på utstyret sitt og uniformen sin, fortel Lindberg.

Håpet er at hundane skal kunne spora opp den sakna jenta ved hjelp av den sensitive luktesansen sin.

– Me jobbar mykje i vind. Særleg motvind er effektivt for å fanga opp lukter, seier Lindberg.

– Redde og usikre

Fleire av eigedelane til 16-åringen blei funne inne på barnehage-området på Østensjø. Den eine sokken til jenta låg ute på vegen like ved. Men der, 300 meter unna heimen, stoppar brått alle spor etter Sigrid.

Vitner har forklart at dei høyrde skrik frå området på det aktuelle tidspunktet.

Måndag er det normal aktivitet i barnehagen. Utanfor gjerdene spaserer veninnene Veronika Miljkovic og Gamze Iydir. Dei to er på alder med Sigrid.

– Det er veldig skummelt. Me jenter er usikre frå før på det å gå åleine i mørkret. No når det har skjedd i nærområdet med nokon me kjenner, så blir ein ekstra redd og usikker, seier Miljkovic.

Dei to er sjokkerte og triste, men ikkje paralyserte. Måndag er dei med på leiteaksjonen, saman med ein stor gjeng ungdomar.

– Me er veldig stumme i dag, og vil hjelpa til for å veta at me har gjort noko for å finna henne. Det er vanskeleg, men me tenkjer på familien og håpar å finna spor som kan vera til hjelp for politiet, seier Iydir.