Hopp til innhold

Fleire elektrosjokkvåpen blant ungdom

Dei liknar litt på lommelykter, men kan gjere meir skade. Politiet i Oslo har det siste året beslaglagt fleire elektrosjokkvåpen i ungdomsmiljøa.

Mange av elektrosjokkvåpnene ligner på lommelykter

LIKNAR LOMMELYKT: Dette elektrosjokkvåpenet beslagla politiet på Manglerud frå ein elev på ein ungdomsskule. Dei har gjort fleire slike beslag det siste året.

Foto: Politiet

– Dei våpena vi har erfaring med, skyt ut elektrisitet. Ein treng dermed ikkje å vere nær huda. Dersom ein treff, kan det føre til at musklane blir lamma. Det gir ikkje varig skade men ei lamming og eit ubehag.

Jane Bechmann Dahl

Jane Bechmann Dahl ved Manglerud politistasjon seier at våpena oftast blir brukt for å skape frykt.

Foto: Politiet

Det seier Jane Bechmann Dahl, som er avsnittsleiar for førebyggande på Manglerud politistasjon.

Elektrosjokkvåpen kan sjå uskuldige ut, sidan dei ofte liknar på lommelykter eller mobiltelefonar.

Fleire beslag

Trass i at våpena er ulovlege, opplever politiet at dei har blitt meir utbreidde dei siste månadane.

– Vi har tatt fleire beslag, og vi har ein sak der eit slikt våpen blei brukt mellom ungdom under 15 år. Vi får også informasjon om at dette er meir til stades i ungdomsmiljø.

Dette har også tidlegare vore eit problem, men no ber politiet folk om å vere ekstra merksame.

Elektrosjokkvåpen beslaglagt av politiet

Dei liknar på lommelykter eller mobiltelefonar. Desse elektrosjokkvåpena er frå stovnerpolitiets beslag i 2016.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Dersom folk ser ungdom som er uvanleg opptekne av ei lommelykt eller ein telefon som ser litt spesiell ut, bør ein vere ekstra nysgjerrig og eventuelt ta kontakt med oss. Vi veit at våpena både kan vere helseskadeleg og ikkje minst skremmande.

Ser alvorleg på det

Ifølgje Dahl ser politiet alvorleg på dette, og konsekvensane kan bli store for ungdom som blir tatt med eit elektrosjokkvåpen.

– Dette er straffbart. Å ha eit slikt våpen går under våpenlova, og folk vil bli politimeldt. Ungdom vil også kunne bli kalla inn til bekymringssamtale dersom vi ser behov for det.

Elektrosjokkvåpen er ikkje lov å selje i Norge, og politiet veit ikkje kvar ungdom skaffar dei.

– Det er vi litt usikre på, men dei kan sikkert bli kjøpt via internett.