NRK Meny
Normal

– Dette er alvorleg for Furuholmen

Karrieren står på spel for advokatane Morten Furuholmen og Rune Berg etter at det i dag er bestemt at heleridommen mot dei blir ståande.

Morten Furuholmen tapte i Høgsterett

Morten Furuholmen risikerer å misse retten til å arbeide som advokat etter at han er dømd for heleri.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Høyesterettsadvokat Berit Reiss-Andersen

Høgsterettsadvokat Berit Reiss-Andersen stadfestar ein må ha advokatløyve for å vere medlem i Advokatforeininga.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

I dag avgjorde Høgsterett at heleridommen mot dei to advokatane blir ståande. Dei står no i fare for å misse retten til å jobbe som advokatar.

– Det er sjølvsagt alltid alvorleg når advokatar blir dømde for brot på straffelova, seier leiar i advokatforeininga Berit Reiss-Andersen til NRK.

Foruholmen og Berg vart i mai 2010 dømde i Borgarting lagmannsrett for å ha medverka til grovt heleri då dei var med å krevje inn gjeld for David Toska .

– Visste om heleri

Dei to var med å drive inn eit lån på 5 millionar kroner pluss renter - totalt 6,5 millionar kroner, som Toska hadde give til finansmannen Thomas Øye i 2001.

Morten Furuholmens advokat Jon Christian Elden

Advokatar har rett til ikkje å bli identifiserte med sin klient, hevda forsvarar John Christian Elden.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Dei vart først frikjende for tiltalen om grovt heleri i Oslo tingrett , som meinte dei hadde handla aktlaust.

Statsadvokaten anka saka inn for Borgarting lagmannsrett, som meinte at advokatane måtte vite at pengane truleg kom frå kriminell aktivitet, fordi Toska var sosialklient på den tida.

Dei vart derfor dømde for å ha prøvd å hjelpe til å sikre utbytte frå ei straffbar handling.

Advokatane anka så dommen vidare til Høgsterett . Forsvararen til Furuholmen, John Christian Elden, har heile tida argumentert med at ein advokat må kunne ta på seg oppdrag på vegner av ein klient utan at han risikerer straffansvar.

Etter at Høgsterett i dag avgjorde at dommen blir ståande, står Berg og Furuholmen i fare for å misse retten til å jobbe som advokatar.

Kan bli kasta ut

Det er no opp til Tilsynsrådet for advokatverksemd å avgjere kva som skjer med dei to heleridømde advokatane.

Då dommen fall i lagretten, sa rådet at ein rettskraftig dom må liggje føre før ein kan gjere eit vedtak . Det har no skjedd, og rådet vil vurdere kva reaksjon dei vil kome med.

– Ei slik vurdering blir først gjort 26. januar eller 10. mars, opplyser rådsleiar Christian Bruusgaard til NRK.

Ifølgje Brussgaard kan det ende med inndraging av advokatløyvet, irettesetting, åtvaring eller ingenting. Han vil ikkje vurdere kor alvorleg dei ulike reaksjonane er.

– Vi får 100 saker til vurdering kvart år. Veldig få ender med inndraging av løyve, seier Bruusgaard.

Om rådet ber om at løyvet blir drage inn, vil saka bli behandla i fleire instansar før dette blir endeleg avgjort.

Om dei misser løyvet, kan dei også bli kasta ut av Advokatforeininga.

– Det er ein føresetnad for å vere medlem i advokatforeininga at ein har adokatløyve, seier Reiss-Andersen.

– Gledeleg trekk

Ho vil ikkje kommentere sjølve dommen mot dei to.

– Dommen byggjer på bevisvurderinga i lagmannsretten, og det er ikkje mi rolle å meine noko om det, seier Reiss-Andersen til NTB.

Ho meiner likevel at det er gledelege, prinsipielle trekk ved dommmen.

– Høgsterett seier bestemt at dei legg til grunn betydinga av den uavhengige advokat som har krav på ikkje å bli identifisert med sin klient, seier ho.

Reiss-Andersen meiner det er første gong at Høgsterett har trekt opp så klare rammer for korleis advokatar kan arbeide.

– Her har Høgsterett slått inn nokre veldig tydelege pålar i terrenget, seier ho.