Hopp til innhold

40 evakuerte etter brann i bygård

40 personar er evakuerte etter at ein brann braut ut i ein bygård i Oslo.

Brann i bygård i Oslo

FULL FYR: Brannmenn jobbar med å sløkke taket på bygården som står i full fyr.

Foto: Simon Solheim / NRK

Politiet på staden, brann i bygård i Oslo

EVAKUERER: Politiet på staden der 40 personar blei evakuerte på grunn av ein brann.

Foto: Simon Solheim / NRK

I kveld braut det ut brann i ein bygård i August Cappelens gate i Oslo. 40 personar frå bygget og nærliggande bygg er blitt evakuert, og taket på bygården har stått i full fyr.

Ifølgje brannvesenet er brannen under kontroll.

Evakuerte bygg rundt bygården

– Vi har evakuert innbyggjarane i den gjeldande oppgangen og nærliggande oppgangar, samt nokre frå nærliggande bygg, berre for å vere sikker, seier vakthavande brannsjef, Asle Hembre.

Heile 16 brannbilar og 42 personar er på staden, melder Brann- og redningsetaten like før klokka 21.

Ifølgje brannvesenet braut brannen ut i ein tørrkokt kjele i bygården, og seinare på kvelden måtte dei bryte seg inn i taket for å sløkke og å fjerne gassar.

Taket i full fyr

– Taket stod i full fyr, men vi nærmar oss slutten og har brannen under kontroll, seier han til NRK.no om lag 20.30 måndag kveld.

Også politiet er på staden, og fortel at brannen lenge har vore under kontroll, men blussa litt opp i løpet av kvelden.

– Brannvesenet har heile tida hatt kontroll, men brannen blussa litt opp tidlegare i kveld, seier Tor Grøttum i politiet.

– Vi har gått inn og opna taket for å lufte ut gassar der, seier Grøttum, og seier ettersløkking vil halde fram utover natta.