Hopp til innhold

Kebabsjapper blir døgnopne

Serveringsstader i Oslo som ikkje skjenker alkohol skal få halde ope døgnet rundt. Byrådet vil endre reglane for å gjere slutt på forskjellsbehandlinga der storkioskar og bensinstasjonar kan halde døgnope, medan kebabsjapper og gatekjøkken må stenge.