Hopp til innhold

Nytt spor i jakta på mystisk laksesjukdom

Forskarar har funne ein ny ledetråd i leitinga etter kva som gjev laks sjukdommen «red skin disease». Ein bakterie kan vere årsaka.

Syk laks

Red skin disease gjev laksen store blødingar i huda

Foto: AJFF Halden

Store blødingar i huda, nedsett medvit, kjøt som går i oppløysning og død.

Sjukdommen «red skin disease» som angrip laks er alvorleg, men så langt har ikkje nokon greidd å finne ut kva som gjer fisken sjuk.

Sommaren 2019 vart laks med sjukdommen for fyrste gong funne i Enningdalselva i Halden i Østfold.

Forskarar har lett etter årsaka til sjukdommen utan å finne svar, men no kan dei vere på sporet av noko.

Les også Fryktar spreiing av mystisk sjukdom: – Dette er fisk som rotnar levande

Laks med store sår på buken

Ny bakterie

– I Danmark har forskarar funne ein annan sjukdom kor ein bakterie i huda var årsaka. Ein liknande bakterie er òg funne hos laks i Noreg.

Mann med grått, kort hår. Smiler. Vi ser ham fra brystet og opp. Han har på seg mørk genser med stripete skjorte under.

Tor Atle Mo, seniorforskar ved Norsk institutt for naturforskning (NINA)

Foto: Norsk institutt for naturforskning (NINA)

Det fortel Tor Atle Mo som er seniorforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).

No er forskarar her i landet interessert i å sjå om bakterien, som nyleg vart oppdaga, kan ha samanheng med «red skin disease».

– Det er bakteriar som lever inni celler, og vi klarar ikkje å dyrke dei. Difor har ein heller ikkje vore oppmerksam på dei før. Men no veit ein meir om dei.

Vil ha styresmaktene på bana

Ein som er veldig oppteken av villaksen er Bjarne Granli. Han er leiar for elveutvalet i Enningdalselva for Arbeidaranes jeger- og fiskarforeining i Halden.

Han seier det er bra at forskarane har funne ein leietråd, men han har ikkje trua på at noko meir kjem til å skje.

Bjarne Granli

Bjarne Granli meiner det må gjerast mykje meir for å bevare villaksen i Noreg

Foto: Birger Kjølberg/NRK

– Vi har samarbeidt med Veterinærinstituttet og NINA, vi har sendt prøver til ein professor i Bergen og PatoGen i Ålesund, men ingen har klart i finne fram til noko.

Granli meiner styresmaktene ikkje viser interesse for «red skin disease», og seier dei må komme på bana.

Han får støtte av NINA-forskar Tor Atle Mo. Han seier norske myndigheiter ikkje ser ut til å vere særleg bekymra og at Mattilsynet gjer veldig lite.

Dei har nærast gjeve opp håpet om å få pengar til et forskingsprosjekt, seier Granli. Samstundes understrekar han at dei vil halde fram å kjempe.

– Det er ein alvorleg sjukdom i eit nasjonalt laksevassdrag. Om det er ein smittsam sjukdom, kan han spreie seg vidare til andre norske vassdrag.

Les også Lisa Laks korte og krevende liv

Laks

Har ikkje naudsynt kunnskap

Hjå Mattilsynet seier Lise Vavik, seniorrådgjevar og veterinær i seksjon fiskehelse og fiskevelferd, at dei alltid er uroa for nye sjukdommar.

Det gjeld òg «red skin disease» på villfisk.

Likevel kan dei ikkje gjere så mykje, fortel Vavik.

– Hittil har vi ikkje kunnskapen som er naudsynt for å kunne overvinne sjukdommen. Førebels er han ikkje utbredt nok til at det er grunnlag for å listeføre sjukdommen og innføre særlege tiltak for beskyttelse.

Syk laks tatt i Tovdalselva

Mattilsynet vil gjerne at det løyvast midlar til forsking på sjukdommen

Foto: Steffen Bergstøl

Vavik fortel at det er andre sjukdommar dei er meir bekymra for. Til dømes gyrodactylus salaris, lakselus.

Sjukdommar som tek livet av oppdrettslaks ser dei òg som ein høgare risiko for villfisken, fordi dei kan smitte over på dei ville fiskane.

Eit av dei viktigaste tiltaka for å hindre spreiing av sjukdom i ville bestandar kan fiskarar og andre som er i kontakt med elvar og sjøar gjere, meiner Mattilsynet.

– Dei må følgje bestemmingane for smittevern i dyrehelseforskrifta.

Samstundes seier ho at Mattilsynet gjerne ser at det løyvast midlar til forsking på «red skin disease», slik at dei får meir kunnskap om sjukdommen.

Les også Fann alvorleg sjukdom på rømt oppdrettslaks

Fangar rømd laks med garn og harpun

Langt lerret å bleike

I Enningdalselva i Halden fann NINA-forskar Tor Atle Mo laks med små sår då han var der for ei tid tilbake. Men han er ikkje sikker på om det er den frykta sjukdommen dei har.

Saman med ein dansk forskar kjem han att for å ta prøvar av fisk for å sjå om dei kan ha den spesielle bakterien. Så vil han gjere eit smitteforsøk.

– Vi håpar at vi veit litt meir i løpet av hausten.

Mo seier bakterien har gjort regnbogeaure i andre land sjuk, og at forskarar i Sverige og Danmark har byrja å jobbe med ein mogleg samanheng med «red skin disease».

– Dei har fått pengar til å gjere smitteførsøk, og då er eg med.

Laks i Enningdalselva

Forskarar skal ta fleire prøver av laksen i Enningdalselva i Halden.

Foto: Odd Skjerdal

Å finne ut korleis bakterien kjem seg inn i huda til fisken og korleis ein kan førebyggje og forhindre sjukdommen, vil likevel ta lang tid.

Fyrst av alt må forskarane dokumentere at det faktisk er bakterien som gjer laksen sjuk.

– Så får ein finne ut korleis han smittar frå fisk til fisk. Etter det kan ein diskutere eller tenkje ut om det kan gjerast tiltak for å forbetre situasjonen.

Med andre ord er det mange trinn att før forskarane veit noko sikkert eller kan hjelpe laksen.