Hopp til innhold

Idyllfestivalen maksar kapasiteten: – Det aller viktigaste er at ein er mest mogleg edru

Denne helga tar Idyll imot 40.000 menneske. Både arrangøren og naudetatane skjerpar sikkerheitstiltaka.

Bilde av publikum som ser på Roc Boyz konserten under Idyllfestivalen

Idyllfestivalen såg dagens lys i 2016. Sidan då har talet på deltakarar vakse og vakse. I fjor nådde dei makskapasiteten.

Foto: Jonas Fjeld Pettersen / Fredrikstad Blad

– Festivalen er nesten betre bemanna enn legevakta, seier Inge Johansen.

Han er sikkerheitssjef ved Idyllfestivalen. Til helga blir festivalen arrangert på Isegran i Fredrikstad. Det er venta nær 40.000 menneske.

Idyll festival , Inge Johansen , Sikkerhetsjef.

SIKKERHEITSSJEF: Inge Johansen er tilsett som sikkerheitssjef for idyllfestivalen. Han fortel at dei har skjerpa tiltaka i år.

Foto: Maria Johannessen / NRK

For å vareta sikkerheita er det gjort ei rekke tiltak og festivalen samarbeider med fleire aktørar.

Dei som vil vere til stades er:

  • Røde Kors
  • Natteramnane
  • Brannvesenet
  • Politiet
  • Ungdomskontaktar frå Glemmen vidaregåande skule
  • Vektarar, 25 fleire enn i fjor

Eit eige legeteam vil også vere til stades.

Les også Festival fjernet kjøtt fra menyene: – Det ble et voldsomt rabalder

Festivalsjef for Månefestivalen, Torill Frydenlund.

Alkometer ved inngangen

Gjestane blir fordelte på to dagar. Av dei vil 1200 vere mindreårige.

Johansen beskriv festivalen som eit kulturarrangement for alle aldersgrupper. Men dei som er under 16 år må vere i følge med føresette.

Isegran Idyll

I dei kommande dagane før festivalen blir det jobba med rigging og tilrettelegging. Her er det venta nær 40.000 menneske.

Foto: Maria Johannessen / NRK

For å hindre rusa ungdom skal dei gjenta tiltaka med alkometer slik som i fjor.

– Det vil bli gjennomført stikkprøvekontrollar ved inngangen. Det er kommunisert via SMS til alle som har kjøpt billett.

Oppfordrar til å droppe alkoholen

Brannsjef i Fredrikstad, Stein Laache, beskriv Idyll som eit familiearrangement. Han håpar besøkande avgrensar alkoholinntaket.

Det har mykje å seie for både trivsel og sikkerheit.

– Det aller viktigaste er å vere mest mogleg edru. Og at ein får med seg det som skjer. Det går fint an å ha ei flott helg utan noko form for fyll.

Brannsjef Stein Laache i Fredrikstad

Brannsjef i Fredrikstad Stein Laache, seier alle naudetatane samarbeider om sikkerheita på festivalen.

Foto: Martin Tangen Schmidt/NRK

Brannsjefen vil ikkje utdjupe detaljane rundt naudevakueringsplanen, men han er ikkje bekymra for kapasiteten.

– Vi har jo erfaring frå i fjor, der arrangementet blei vel gjennomført. Eg er ikkje uroleg for helga, men vi må vere førebudde.

Les også «Alle» tilbyr VIP-billetter – men forsker er skeptisk

Findings 2021 er avlyst

Yngre blir oftast utsett for skadar

Petter Dahlgren er frivillig i Østfold Røde Kors. Han har lang erfaring med festivalar.

Dei vanlegaste skadane på festival er ikkje akutte, men vonde.

– Det er ofte mindre skadar, som gnagsår og overtrakk, seier Dahlgren.

Petter Dahlgren

AUKAR BEMANNINGA: Petter Dahlgren er operativ leiar i distriktsrådet til Østfold Røde Kors. Han fortel at hjelpekorpset kjem til å stille med fleire frivillige i år.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Dei yngre er oftare innom hjelpekorpset enn dei eldre.

– Det er jo ofte dei yngste som står lengst framme ved scenegrava. Eldre er litt meir stillesittande, naturleg nok får jo dei litt mindre overtrampskadar.

Somme blir så oppslukte av musikk og dans, at dei gløymer å få i seg nok mat og drikke. Då blir vegen til heteslag og svimmelheit kort.

For å hjelpe deg har Røde Kors festivalvitreglane, 10 bod dei anbefaler å følge når ein skal ut på festival.