Hopp til innhold

Historisk VM-bronse til Malin Westerheim

Malin Westerheim klarte det ingen anna norsk jente har klart før: Å ta medalje i eit VM i rifleskyting. På halvmatchen i VM i Granada tok 20-åringen frå Krapfoss i Moss bronse.

Malin Westerheim klarte det ingen anna norsk jente har klart før: Å ta medalje i eit VM i rifleskyting. På halvmatchen i VM i Granada tok 20-åringen frå Krapfoss i Moss bronse.

– Eg var kjempenervøs både før og under finalen. men eg tviheldt på geværet og køyrde på, sa Westerheim til NTB.

– Akkurat no er det heilt herleg. Endeleg hadde eg marginane med meg, jubla ho rett etter finalen.

Westerheim fekk 444,7 på dei 44 skota i finalen. Det gav ikkje berre bronse, det sikra samstundes Noreg ein kvoteplass i OL i Rio om to år.

– Dette er historisk. Det er ein kjempeprestasjon Malin gjer, seier NRKs ekspertkommentator Vebjørn Berg.

Han roser den unge jenta frå Moss.

– Ho er berre 20 år, og har naturleg nok ikkje så mange triumfar bak seg. Men ho er uredd og kompromisslaus og går «all in». Då har ho ikkje respekt for nokon, seier Berg.

  • Sjå video:
    Malin Westerheim sikra seg bronse i halvmatch i VM i skyting. Kommentatorer: Ola Lunde og Vebjørn Berg.

Berre så vidt til finalen

Westerheim gjekk til finalen som den åttande og siste. Men der imponerte ho stort. Først på det nest siste skotet i den avsluttande eliminasjonsrunden måtte ho gje tapt. Berre 0,4 poeng skilde frå ein plass i duellen om gull og sølv.

Malin Westerheim var i ferd med å rote det til på kneståande. Den andre serien sat niaren ute til høgre, og etter dei 15 kne-skota låg ho sist i finalen.

Men ho tok seg bra inn på den siste, og skaut best av alle liggande. Og med 51,2 poeng på den siste av to ståandeseriar, var ho på delt sølvplass før den avgjerande eliminasjonsrunden – eitt og eitt ståande skot, der ein og ein av dei seks siste skyttarane fall ut.

Etter å ha hange med i tre skot, var bronsen sikra – sjølv med berre 9,6 på det tredje. Det gav nemleg avansement med 0,1 poeng til italienske Petra Zublasing, som vart ståande på fjerdeplass.

Trass sterke 10,4 på det siste skotet, måtte ho strekke våpen i kampen om endå edlare medaljar. Snjezana Pejcic frå Kroatia skaut nemleg 10,5.

Beate Gauss frå Tyskland tok gullet.

Revansje frå førre konkuranse

Finaleplassen og bronsen var ein knusande revansje for det som skjedde på 60 skot liggande tidlegare i veka.

Då var Westerheim fattige 0,1 poeng frå finaleplass. I dag sikra ho bronsen med den same marginen.

I halvmatch-kvalifiseringa i dag var millimetrane på Westerheims side. Ho hadde same poengsum som ukrainske Olga Golubtsjenko, 585, men fem innertiarar meir.

– Det var ulideleg spennande å sjå på. Ho var tidleg ferdig, og vi kunne sjå på konkurrentane som skaut mot slutten. Der var det mange som vart slitne mot slutten, seier landslagstrenar Anne-Grethe Jeppesen til NRK.

–- Malin var kjempeglad og fornøgd. Dette har ho jobba for i mange år. Det er spesielt godt å lykkast når ein har vore så nær tidlegare, seier Jeppesen

Westerheim fekk 194 på dei 20 kneståande skota, der ho drog ut ein åttar på det aller siste skotet.

På liggande prikka ho inn 20 tiarar, og avslutta med 191 ståande.

Best av alle var tyske Beate Gauss med 590.

May Elisabeth Nordahl vart nummer 46 med 576 poeng.

Berre ein gong tidlegare har ei norsk kvinne delteke i ein VM-finale i rifleskyting – Hanne Wattaker vart numemr sju i halvmatch i 1994.