Ein mann omkom i bilulukke i Moss

Høg fart kan ifølgje vitne ha vore årsaka til ei bilulukke der ein mann i 20-åra omkom i Moss natt til søndag.

Dødsulukke i Moss
Foto: Vilde Elgaaen / NRK

Øst politidistrikt melde om ei alvorleg trafikkulukke på Twitter like før klokka 02 natt til søndag.

Kort tid etter opplyste politiet til NRK at ein person er omkommen i ei bilulukke, der det ikkje skal ha vore andre personar eller køyretøy involvert.

Personen køyrde utfor vegen og landa på taket ved Innfartsveien på riksveg 19 i Moss i Østfold. Det var eit stort skadeomfang.

– Ifølgje vitne kan årsaka vere høg fart, seier operasjonsleiar Ronny Samuelsen til NRK.

Dødsulykke i Moss

Ulukka skjedde på Innfartsveien på riksvei 19 mellom E6 og byen Moss.

Foto: Vilde Elgaaen/NRK

Kjenner ikkje identiteten

Det tok tid før politiet fekk identifisert den omkomne og varsla dei pårørande.

Innsatsleder Frode Petersen i Øst politidistrikt

Innsatsleiar Frode Petersen i Øst politidistrikt.

Foto: Vilde Elgaaen/NRK

– Vi er fleire patruljar som jobbar med å finne ut kven denne personen er. Vi har sett etter mobiltelefonar og ID, sa innsatsleiar på staden, Frode Petersen, til NRK i 3.30-tida.

Vel ein time seinare skriv poltiiet på Twitter at det var ein mann i 20-åra som mista livet i trafikkulukka.

Kriminalteknikarar frå politiet skal undersøke åstaden. Det skal også ulukkesgruppa til Statens vegvesen.

Innfartsveien og Krapsfossveien var heilt sperra, men ein kunne alternativt køyre Vålerveien og Ryggeveien, skreiv politiet på Twitter.

Dødsulykke i Moss

Ulukka hadde eit stort skadeomfang.

Foto: Vilde Elgaaen/NRK
Laster Twitter-innhold