Neste stopp

Av og til kan det vera godt med ein pause. Eit kvileskjær før ein tek fatt på vegen vidare.

Ved ein rasteplass på Hardangervidda står eit par kvite joggesko parkert i snøen.

Eigaren er travelt opptatt med fotoshoot.

Gabriela Mozna har aldri sett snø i juli før.

No fråtsar ho i den plutselege kontrasten mellom sommar og vinter.

Familien er eigentleg på veg til Hardanger. Men dei kunne ikkje la vera å stoppe.

«Naturen er flott. Men åh, så kaldt!»

«Kva gjer ein ikkje for Instagram?»

Gabriela Mozna, Tsjekkia

Livet er ei reise, og langs vegen er det hundrevis av rasteplassar.

No og då treng me alle ein pause.

Og av og til kan pausen vera vel så viktig som det å kome fram.

Kva får folk til å svinge av vegen og sette livet i «park»?

Somme ser etter det perfekte Instagram-biletet.

Andre ser etter moro.

Ola Hauan Danielsen og mor Hanne Hauan væpnar seg med snøballar.

Veslebror Lars står klar til å forsvare seg med leikesverdet.

«Me køyrde forbi her for nokre dagar siden, og bestemte oss alt då for å stoppe på tilbakevegen.»

Hanne Hauan, Stord

«Ungane treng å få ut litt energi.»

Det same gjeld visst for dei vaksne.

Litt lenger sør på Hardangervidda ser schäferen Edgar etter ein stad å tisse.

«Dessutan synest me han skulle få sjå seg litt om på Hardangervidda.»

Daniel Storesund og Anette Gørditz, Askøy

Dette er fyrste gong Edgar ser både vidda og mykje anna.

Han er berre fem månader gamal, og på veg til livets fyrste hundeutstilling i Oslo.

På den same rasteplassen står ein tettpakka bil.

Familien på fem har køyrd heile vegen frå Tsjekkia for å oppleve norsk natur.

«Tsjekkarar reiser vanlegvis til Kroatia eller Italia på sommaren. Men der er det jo 40 gradar. Kvifor sitte der og koke, når me kan vera her?»

«Det er dyrt i Norge. Så me har med oss nesten alt me treng. Telt og soveposar. Og mykje mat - pasta, hermetikk og tørka kjøt.»

Enzen Kurandin, Tsjekkia

«... og, ja - sjå her! Sopp. Masse sopp. Dei har me plukka undervegs.»

Apropos det å nyte medbringa:

På ein rasteplass mellom Gol og Hemsedal står ein matboks med tydeleg patina.

«Boksen er etter bestemora mi. Ho var fødd seint på 1800-talet. Eg hugsar han heilt frå eg var lita jente. Han var bestandig med når me var på tur.»

Gerd Kittilsen, Notodden

Piknikboksen har plass til fleire etasjar med både mat og heimebakst.

Firerbanden fekk smaken på Norgesferie og heimelaga snittar under fjorårets tur til Lofoten.

«Då gjorde me det på same måten. Koste oss ute med heimelaga mat i staden for å stå i kø på kaféar. Det er jo mykje betre det, synest me i alle fall.»

På Golsfjellet står ein liten tass med fiskestong.

Peder Lønnum fekk ei flyndre på kroken tidlegare i sommar. No er det han som er hekta.

Han tørrtrener på å kaste.

Gong på gong blir det knute på tråden. Heldigvis kjem pappa Erik stadig til unnsetning.

I mellomtida er veslebror Ola på oppdagelsesferd på golvet.

«Det blir litt fleire stopp no som me har ungar. Stort sett ser me etter leikeplassar eller vatn. Eller litt av begge delar. »

Ida Mjøs Lønnum, Snertingdal

Andre ser heilt enkelt etter sinnsro.

«Me har vore på Vestlandet. Køyrd opp og ned mellom fjell og fjordar. Men det var veldig mykje turistar. Dette er betre.»

Liesbeth Van der Spoel, Nederland

Liesbeth og Wibe har sett store delar av verda gjennom frontruta på ein bubil.

Chile, Marokko, Vietnam, Thailand, Sri Lanka. Dei har mista teljinga for lengst.

«Me tok unna alle landa langt borte når me var yngre. No held me oss i Europa.»

«Eg har drøymt om å reise til Norge lenge. Så kom Covid, og alt vart stengt. Me heiv oss rundt så fort det vart mogleg.»

Wibe Van der Spoel, Nederland

Og no sit dei her - på ei lita lomme langs vegen over Golsfjellet. Endeleg framme.

Fotojournalist

Caroline Utti

Reportasjeleder

Benedikte Fjelly
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal