Hopp til innhold

Viken-oppløysing: Vedum opnar lommeboka

Å løyse opp Viken kan koste opp mot 440 millionar. Trygve Slagsvold Vedum garanterer at regjeringa vil bidra med pengar.

Trygve Slagsvold Vedum på Eidsvoll videregåede skole

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vil ikkje seie noko om kor mykje av rekninga regjeringa tek.

Foto: Rolf Petter Olaisen

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) opner lommeboka for Viken-oppløysing.

– Regjeringa har vore tydelege på at me skal sette oss ned med fylka slik at det blir tryggleik rundt det økonomiske opplegget. Det er viktig for regjeringa å seie, det skal vere tryggleik for dei som ønsker å dele seg opp, seier Vedum.

Forventar at staten tek kostnaden

– Du forpliktar deg ikkje til å betale kostnaden i sin heilskap?

– Me har vore heilt tydelege på at me skal stille opp saman med fylka, så må me sette oss ned saman og sjå på kva som faktisk blir kostnadene. Så må me få kostnadene lågast mogleg. Men dette skal me bli samd om, fortset Vedum.

Fylkesrådet vil løyse opp Viken og sender no innstillinga vidare til fylkestinget for endeleg vedtak. Det kom fram i ein pressekonferanse fredag.

– Fylkesrådet skal sørgje for ein god prosess. Så er det klart at dette blir krevjande økonomisk, det blir ein eingongssum på mellom 310 og 440 millionar. Me må også sørgje for at dei nye fylka har ein sunn og berekraftig økonomi, seier fylkesråd for finans Edvin Søvik (Ap).

Kostnadsnivået er mellom anna avhengig av val for organisering av digitale tenester. Men det er knytt stor usikkerheit til kostnaden. Ved samanslåinga fekk Viken store ekstrakostnader grunna naudsynt ekstraarbeid og innkjøp av tenester.

Siv Henriette Jacobsen

Fylkesrådsleiar Siv Henriette Jacobsen (Ap) presenterte fredag sin innstilling til oppløysing av Viken.

Foto: Morten Brakestad

– Me må rekne med at det skjer også denne gongen, seier fylkesrådsleiar Siv Henriette Jacobsen (Ap).

Dei forventar at dei økonomiske kostnadene ved ein oppdeling blir kompensert frå staten. Fylkesrådet går også inn for ein verksemdsovertaking, slik at alle tilsette skal vere sikre på at dei har jobben sin når Viken blir løyst opp.

Fleirtal

Det blir lagt til grunn at ein ny fylkesstruktur følgjer dei tidigare fylkesgrensene mellom Østfold, Akershus og Buskerud så langt det let seg gjere. Fylkesrådet foreslår at Jevnaker blir lagt til Buskerud og Lunner til Akershus.

Behandlinga i fylkestinget er utsett ei veke slik at politikarane får betre tid til å førebu seg på forslaget, fortel fylkesrådsleiar Jacobsen.

– Me leverer saka no, så skal fylkestinget sende den ut på høyring og ha sine demokratiske prosessar. Deretter skal dei vedta saka, sa Jacobsen i forkant av pressekonferansen.

Regjeringspartia Ap og Sp er samd om å starte prosessen med å løyse opp Viken dersom fylkestinget søker om det, står det i Hurdalsplattformen. Fylkeskommunar og kommunar som er tvangssamanslått må vedta å sende søknad innan 1. mars 2022.

Ap, Sp, SV og Raudt i Viken har allereie varsla at dei ønsker å løyse opp fylket. For to veker sidan vart det klart at dei også får Frp med på laget. Dermed ligg det an til fleirtal for avvikling av fylket.

Vil behalde Viken

Det var Høgre, Framstegspartiet, KrF og Venstre som i 2017 sikra fleirtal for region- og kommunereforma. 1. januar 2020 vart Buskerud, Østfold og Akershus formelt slått saman.

Høgre har heile vegen forsvart reforma og vore tydelege på at dei ønsker å behalde Viken.

– Reverseringane til Senterpartiet kostar fellesskapet dyrt. Oppløysinga av Viken er ikkje noko unntak. Eg håper utgreiinga som blir lagt fram i dag får Arbeidarpartiet til å revurdere. Så håper eg Trygve Slagsvold Vedum står bak løftet om å ta heile rekninga, dette burde ikkje gå utover innbyggaranes velferdstilbod i Viken, seier Mudassar Kapur, kommunalpolitisk talsperson i Høgre.

Mudassar Kapur

Mudassar Kapur påpeiker at å løyse opp Viken vil koste fellesskapet dyrt.

Foto: Høyre

– Uavhengig av om det er staten eller fylkeskommunen sjølv som skal dekke kostnadene, er dette pengar som kunne ha vore brukt på andre føremål. Til dømes å utdanne fleire sjukepleiarar. Det er ufatteleg at fylkesrådet meiner ein oppløysing er riktig og fornuftig pengebruk, seier gruppeleiar Ida Lindtveit Røse i Viken KrF.

Men om Viken skal bestå eller ei, blir altså endeleg avgjort av fylkestinget i slutten av februar.

Vil gå med underskot

Østfold og Buskerud vil gå med årleg underskot i perioden medan Akershus vil ha eit overskot på mellom 70 og 110 millionar kroner årleg.

Østfold og Buskerud vil ikkje ha middel til å både halde oppe noverande nivå på driftsutgifter og samstundes finansiere sine planlagde investeringar dei neste ti åra.

Østfold vil ha eit årleg underskot på 50 millionar som vil auke til 175 millionar mot slutten av tiårsperioden. Buskerud vil ha eit underskot aukande opp til 60 millionar.

– Dette vil kunne påverke tenester i fylkeskommunen, samfunnsutvikling og arbeidet med berekraft i regionane. Dei negative konsekvensane må reduserast så mykje som mogleg, seier fylkesrådsleiar Jacobsen.

Flere nyheter fra NRK Buskerud