Lanserer hundevettreglar i skisporet

Hundar på kryss og tvers i skiløypa er eit vanleg syn i skisesongen. Diverre kan det og føre til ulukker og skader. No tek hundeeigar til orde for eigne hundereglar i løypene.

hUNDEVETTREGLAR

Arne Bøe la ut eit innlegg på facebookgruppa «Finnemarkas venner», der han skreiv nokre forslag til «hundevettreglar» i skisporet.

Foto: Arne Bøe/Ellen Karin Moen / NRK

– Ein gong var det nokon som slo etter meg med skistaven sin, då eg var på tur med hunden min, seier Inger-Marie Haaland.

Ho er proff hundekøyrar, og den første kvinna som har vunne Finnmarksløpet. Ho seier det fort kan oppstå konfliktar og dårleg stemning i skisporet mellom hundeeigarar og skiløparar. Om ein ikkje passar på kan det oppstå potensielt farlege situasjonar, noko ho også har opplevd tidlegare.

Inger Marie Haaland

Inger-Marie Haaland frå då ho vann Finnmarksløpet for andre gong i 2012.

Foto: Allan Klo / NRK
Hundekjører Inger-Marie Haaland på Hardangervidda

Hundekøyrar Inger-Marie Haaland er ikkje lenger i dei vanlege skiløypene. Ho tek med seg hundespannet sitt til meir egna stader.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Me var to personar ute med hund i strikk og var i botnen av ein bratt nedoverbakke. Den eine hunden hadde klart å vimse seg over i feil spor, samtidig som det kom fleire nedover bakken i ei rasande fart.

Det gjekk heldigvis fint med både hunden og skiløparane, men Haaland meiner det er viktig å passe på kvar hunden er ute i sporet.

Ynskjer hundevettreglar

Arne Bøe på tur med den fire mnd gamle dobermannen Bailey

Bøe og fire månadar gamle Bailey trenar no på å gå riktig i lysløypa.

Foto: Tina Brock / NRK

Ho er ikkje den einaste som har opplevd noko slikt. Hundeeigar Arne Bøe, har sjølv opplevd både ulukker og nesten-ulukker på ski med hund.

Nyleg var han på skitur i Finnemarka i Lier, då han nesten krasja med ein annan hundeeigar på tur med to hundar i band. Bandet til hundane gjekk på tvers av heile skiløypa, og Arne klarte akkurat å redde seg unna i siste liten.

– Det er på høg tid at me blir einige om korleis hundar skal oppføre seg når eigaren tek den med på skitur, seier han.

Arne Bøe med den fire mnd gamle dobermannen Bailey

Arne Bøe meiner nokre retningslinjer for korleis ein oppfører seg i sporet med hund, vil gjere turen i skiløypa betre for alle der.

Foto: Tina Brock / NRK

Som mangeårig hundeeigar har Bøe sett mykje rart i skisporet. Sjølv har han dobermannen Bailey på fire månadar, som han trener opp til å oppføre seg i lysløypa.

– Det er eigarens ansvar å ha kontroll på sin eigen hund. Og spesielt korleis den oppfører seg, meiner han.

Etter nestenulukka i Finnemarka sat han seg ned og skreiv eit utkast til nokre køyrereglar for hund i skiløypene, som han publiserte på facebookgruppa «Finnemarkas venner».

Direkte farleg

Folk me har snakka med i marka meiner det er ein god idé med hundevettreglar. Mange påpeiker at det er direkte farleg når bandet går på tvers av løypa, og mange irritere seg over hundebæsj i sporet.

Kvinne på skitur

Kvinna i 50-åra fekk seg eit slag mot låret då ho snubla i lina til ein hund som var med eigaren sin på tur.

Foto: Kate Barth-Nilsen / NRK

– Eg vart mest redd for at hunden skulle skade seg, eller at den skulle bli redd og angripe meg, seier ei kvinne i 50-åra NRK har snakka med.

Kvinna, som ynskjer å vera anonym, køyrde rett i eit langt hundeband då eigaren kryssa løypa rett framfor ho med hunden på slep førre helg.

Ho fekk eit ublidt møte med den harde bakken og vart hengande fast i hundebandet. Eigaren beklaga at han ikkje hadde kontroll på hunden, og var lei seg for at ho datt og vart fanga av hundelina. Heldigvis vart verken hunden eller kvinna skadd, men vel heime etter skituren har ho eit stort blåmerke på låret.

Lår med blåmerke etter møte med hund i skiløypa

Slik såg låret ut då kvinna kom heim frå skituren sin, der ho hadde eit uheldig møte med ein hund i lang line.

Foto: Privat

Vil alltid vera konflikt

Hundekøyrar Haaland trur ikkje det nokosinne kjem ei løysing som gjer alle glade.

– Det har alltid vore konfliktar mellom skiløparar med og utan hund. Og det kjem det nok alltid til å vera og.

Hundekøyraren seier eit alternativ kunne vore at dei største skistadane kanskje kunne ha laga løyper som var meir lagt opp for dei som har hund, og vil trena den opp til å kunne gå i dei vanlege løypene.

Hege Sheriff, løypesjef hos Skiforeningen

Hege Sheriff er løypesjef hos Skiforeningen. Ho seier det ein må vere merksam på at det er andre i løypene og at dei kan komme fort nedover bakkane.

Foto: Skiforeningen

– Me testa ut hundeløyper på 80-talet. Diverre hadde det alt anna enn ein positiv effekt. Hundeeigarar som gjekk i dei vanlege løypene blei nærast kjeppjaga ut av dei andre, seier Hege Sheriff, som er løypesjef i Skiforeningen

Ho fortel at det er mange som vil ha løyper tilpassa seg sjølv og si gruppe.

– Skulle me laga løyper for absolutt alle, hadde folk fått eit veldig mykje dårlegare tilbod når dei skulle ut på ski. Men alt dette kjem til å gå bra, om folk berre viser omsyn til kvarandre.

Om du treng tips til å trene opp din hund, eller berre har lyst til å sjå på nokre skikkeleg søte hundar, så kan du sjekke ut fyrste episode av «Valpeskolen» her:

Livet med valp er ikke bare kos og lek. Fire familier er midt i den hektiske valpetida og får etterlengtet hjelp av hundetrener Maren.

Livet med kvalp er ikkje berre kos og leik. Fire familiar er midt i den hektiske kvalpetida og får etterlengta hjelp av hundetrenar Maren.