Hopp til innhold

Vil avskilte useriøse privatetterforskarar

Kven som helst kan gi seg ut for å vere privatetterforskar. Det vil tidlegare Kripos-etterforskar John Christian Grøttum få slutt på.

John Chr. Grøttum

Svindlere øydelegg for dei seriøse privatetterforskarane, meiner John Christian Grøttum. Han er leiar for Norsk forening for etterforskning og sikkerhet (NFES).

Foto: NRK

– Det er ikkje alle som har kunnskap eller kvalitetar til å drive denne typen verksemd, seier privatetterforskar John Christian Grøttum.

Før han starta som privatetterforskar i 1995, jobba han i ei årrekkje som drapsetterforskar i Kripos.

I dag er ikkje privatetterforskar ein beskytta tittel. Det betyr at kven som helst kan tilby slike tenester. Kva slags kompetanse ein har spelar inga rolle.

Det ønskjer Grøttum å endre på.

Han meiner det er på høg tid at det blir krav om autorisasjon for å drive som privatetterforskar i Noreg.

Det inneber også at ein burde opprette eit tilsynsorgan som kan sjå etterforskarane i korta.

– Ein må då sjølvsagt også etablere eit regelverk, og viss det blir brote, så mistar ein autorisasjonen, seier Grøttum.

Svindla til seg millionar

I mars vart ein 62 år gammal mann frå Østfold dømd til fengsel for grovt bedrageri. Han lurte til seg nesten 2 millionar kroner frå ei 94 år gammal dame.

I lokalaviser reklamerte han for sine tenester som privatetterforskar. Ein av annonsane stod på trykk sommaren 2018.

Der står det at den svindeldømde mannen tek på seg «alle typar etterforsking» i både inn- og utland.

Faksimilen viser en annonse for en privatetterforsker.

Den no dømde 62-åringen hadde mellom anna denne annonsen på trykk i ei lokalavis.

Like etter dommen mot 62-åringen vart avsagt, sa forsvararen hans til NRK at dommen mest sannsynleg ville bli anka.

Grøttum fryktar bedragerisaker av denne typen kan vere med på å delegitimere den seriøse delen av bransjen.

– Når folk opplever slike tilfelle, så har dei vel ein tendens til å tru at dei fleste er sånn.

Får ikkje gjennomslag

Den tidlegare Kripos-etterforskaren er også leiar i Norsk forening for etterforskning og sikkerhet (NFES).

NFES har i fleire år jobba for å få på plass ei autorisasjonsordning. Førebels har dei ikkje fått gjennomslag for forslaget.

– Det er hos Justisdepartementet det stoppar opp. Dei er veldig avmålte, og avviser alle krav på akkurat det, seier Grøttum.

John Christian Grøttum

Norsk forening for etterforskning og sikkerhet (NFES) tel rundt 40 medlemmer. Ifølgje leiar John Christian Grøttum er det majoriteten av dei private etterforskarane i Noreg.

Foto: NRK

Justis- og beredskapsdepartementet stadfestar at foreininga har vendt seg til dei både i 2010 og 2015.

Begge gongane vart departementet bede om å greie ut ei autorisasjonsordning for privatetterforskarar.

Meiner det er unødvendig

I 2010 viste departementet til at ei slik ordning hadde vore greidd ut tre gongar tidlegare.

Ingen av utgreiingane konkluderte med at ei særordning for privatetterforskarar var nødvendig.

– Departementet peika også på at ei autorisasjonsordning ville innebere at bransjen blir gitt spesielle rettar, skriv kommunikasjonsrådgivar Linda Hafstad i ein e-post til NRK.

Fem år seinare prøvde NFES igjen å få gehør for ordninga. Også då viste departementet til dei tidlegare utgreiingane.

– Det er etter dette ikkje komme fram opplysningar som har gitt departementet grunnlag for å revurdere standpunktet, skriv Hafstad.

Les også Privatetterforsker svindlet 94 år gammel dame for millionbeløp

Økokrim

Les også Avslørte gigantsvindel mot eldre damer: Nå blir saken pensum

To menn i mørke klær , den ene går foran den andre han bærer en grå veske i den ene hånden og en mørk bag med en hvit plastpose i den andre. Mannen bak bærer en stor grå bag i den ene hånd og plastposer i den andre, veggen til høyre er grønn på den andre siden grå