– Vi håper det skal bli mange ladestasjonar på vegkroer og bensinstasjonar langs dei store vegane, seier kommunikasjonsrådgivar Espen Sletvold i Enova. Selskapet er statleg eigd og jobbar for energisparing og miljøtiltak i Noreg.
Skal knekke rekkjeviddeangsten
Kartet viser strekningane som skal få mange fleire ladestasjonar for elbilar i løpet av 2016. Trykk på biletet for å sjå nærare.
Foto: EnovaFor at eigarar av elbilar verkeleg skal kunne nytte bilen for å køyre frå Bergen, Stavanger eller Trondheim til t.d. Oslo, må det mange fleire ladepunkt til enn det finst i dag. For kvar tredje månad kjem Enova til å lyse ut konkurranse om å få byggje hurtigladarar på nye stadar langs vegane.
Dei første strekningane ut er:
- E18 Oslo–Grenland–Kristiansand
- E39 Kristiansand–Stavanger
- E16 Sandvika–Bergen
- RV7 Hønefoss–Gol
- RV52 Gol–Borlaug
- E6 Oslo–Trondheim
- RV3 Kolomoen–Ulsberg
Dette vegnettet utgjer ei strekning på om lag 2000 kilometer. For å gjere det trygt for elbilistane å køyre frå til dømes Oslo til Trondheim ser Enova for seg ladepunkt for kvar 50. kilometer. I dag finst det ladestasjonar på strekningane, men på langt nær så tett som ein ønskjer å ha dei.
Kommunikasjonsrådgivar Espen Sletvold i Enova håper satsinga på fleire hurtigladarar skal gjere bruk av elbil til langkøyring meir attraktivt.
Foto: Enova– Vi stiller òg krav til at det skal vere lett å betale for straumpåfyllinga. Du skal kunne bruke bankkort eller betale med telefon, seier Sletvold.
Vil knytte heile Noreg saman
Enova vil bestemme seg for kven som får byggje før nyttår. Selskapet ser for seg at ladestasjonane i Sør-Noreg skal vere på plass i løpet av 2016.
Konkurranse om bygging av ladestasjonar på andre vegstrekningar, inkludert Nord-Noreg, vil bli lyst ut neste år. Då vil det totalt kunne bli kort avstand mellom hurtigladarane på 7500 kilometer veg.
– Eit ladepunkt med to hurtigladarar kan fort koste frå ein halv til ein million kronar, og det er ikkje veldig mange bedrifter som kan byggje slike ladepunkt. Hensikta med konkurransen er å utnytte statens pengar på best mogleg måte, seier Espen Sletvold.
Enova SF investerer kvart år 2–4 milliardar kroner i energi- og klimatiltak i norsk næringsliv og offentleg sektor.