– Alt som har ein miljøgevinst er vi positive til, seier Bernt-Olav Røttingsnes.
Han er konsernsjef for Nordic Aquafarms. Selskapet sto for det første storskala landbaserte oppdrettsanlegget for laks i Noreg.
I eit stort lagerbygg i Fredrikstad svømmer laksen i to basseng. I dag blir fisken mata mellom anna med soya.
Landsoppdrettet i Fredrikstad ønskjer miljøvennlege alternativ velkommen.
Foto: Heidi Gomnæs / NRKMen i nær framtid står kanskje noko langt meir kortreist på menyen.
– Alle sånne nye typar fôr som gjer fisken betre, og gir betre produksjon, er vi interesserte i. Vi er alltid på jakt etter nye ingrediensar, saman med fôrleverandørane, seier Røttingsnes.
Sopp av gran
I dag er det soya frå Brasil som er hovudfôret til norsk oppdrettslaks. Men snart kan norsk gran vere eit alternativ.
Det vil ikkje berre skape gode miljøgevinstar med kortreist mat, men det vil også gjere fisken friskare.
Det viser eit nytt prosjekt frå forskingsinstituttet Foods of Norway ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) i Ås.
Professor og senterleiar ved Foods of Norway, Margareth Øverland, meiner mikrobar og gjær er framtida i matproduksjonen.
Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRKFôret som blir produsert av gran inneheld også like mykje næring som soya.
– Vi ser at vi har eit proteininnhald på 65 prosent, og at laksen greier å fordøye mykje av norsk gran. Med denne typen fôr veks laksen også fortare, seier professor Margareth Øverland.
Maten som blir gitt til laksen er sopp, anten gjær eller pekilo, av gran.
– Det er heilt avgjerande å finne alternative råvarer, så vi slepp å vere avhengige av import. Men desse råvarene må jo vise at dei fungerer i fisken, seier professor Øverland.
Peikar på fôrleverandørane
Arnøy Laks i Troms kjøper, som mange andre, fôr frå ulike leverandørar. Oppdrettaren meiner ballen ligg hos dei.
– Skulle denne innsatsen resultere i nye fôr-råvarer som kan gå inn i kosthaldet til laksen, så vil vi alltid vere positive. Gran har vi mykje av, og det vil gi tryggleik og tilgang, men også sikre miljøet, seier oppdrettssjef Håvard Høgstad.
Ved NMBU blir det forska på korleis fôr av gran kan produserast på ein billig måte, slik at leverandørane kan gå bort frå soya
Foto: Jan-Morten Bjørnbakk / NTBHan ønskjer ny forsking på området velkommen.
– Norsk lakseoppdrett har fått mykje kritikk for at det blir brukt vegetabilske produkt og ikkje berre fôr av marine råvarer. Viss vi kan gå over på andre alternativ som ikkje går ut over fisken, så er dette interessant.
Vil framleis bruke soya
Selskapet Skretting er ein av dei største fôrleverandørane i havbruksnæringa i Noreg. Dei meiner det er uaktuelt å stoppe soya-produksjonen, fordi dei er avskogingsfrie.
– Det er viktig for oss å halde fram slik at alle brasilianske bønder ser at det lønner seg å stoppe avskoging, seier berekraftsansvarleg Leif Kjetil Skjæveland.
Han trur ikkje forskinga frå NMBU er fasiten på lakseoppdrett i framtida.
– Vi har store forhåpningar til prosjektet, og det blir spennande å sjå kva slags råvarer dette blir. Vi må teste råvara for å sjå at det fungerer i laksefôret.
NRK forklarer
Soya
Kva er soya?
Soya er ein plante av erteblomsterfamilien med små og tettsitjande belger. Frøa er næringsrike og inneheld ca. 40 prosent protein. Soya blir brukt i dyrefôr, menneskemat, forbruksvarer og til biodiesel. Brasil er den største produsenten i verda av soya.
Kvifor er produksjon av soya miljøskadeleg?
Regnskogfondet meiner soyaproduksjon fører til avskoging, klimagassutslepp, blodige konfliktar, miljøforureining og tap av uerstattelege artar. På byrjinga av 2000-talet fekk soyadyrking skulda for ein firedel av avskoginga av Brasils regnskog.
Soya i laksefôr
I Noreg blir 70 prosent av importert soya brukt til fiskefôr. I 2021 vart kravet til soyaleverandørane skjerpa. Dei brasilianske soyaleverandørane skal ikkje levere soya som er dyrka på land avskoga etter august 2020. Dermed er soyaleverandørane til norske lakseselskap 100 prosent avskogingsfrie i heile verdikjeda.
Kva tenkjer regjeringa Noreg?
Regjeringa vil stimulere til auka berekraft gjennom eit eige program for produksjon av berekraftig fôr basert på norske ressursar, setje mål om at alt fôr til havbruksnæringa skal vere frå berekraftige kjelder innan 2030, og leggje til rette for bruk av karbon (CCU) innan fôrproduksjon.
Kjelde: Hurdalsplattforma
Fiskematen som blir laga av gran inneheld 65 prosent protein. Forskinga har vist at ho er lett fordøyeleg, noko som kan gi friskare laks.
– Alle råvarer vi bruker i dag, gjer at laksen held seg så frisk som mogleg. Det er ikkje sånn at han blir sjuk av det han får, anten det er soya, raps, kveite eller fiskemjøl, seier Skjæveland.
Han trur verda kjem til å ete meir sjømat framover, og at produksjonen må opp.
– Det er ikkje meir skadeleg for miljøet å frakte råvarer på skip som køyrer sakte over Atlanteren, enn å frakte det med bil gjennom Europa. Det som er viktig, er måten råvarene blir dyrka på, seier han.