Hopp til innhold

Viktig fødetilbod i ferd med å forsvinne

Å fø i eit framand land kan opplevast utrygt og ramme forhold mellom mor og baby. Difor jobbar Terhas Nagash og 80 andre fleirkulturelle fødselshjelparar, såkalla doulaer, på norske sjukehus. No står ordninga i fare for å forsvinne.

Doula Terhas Negash saman med Geila på seks månader.

Terhas Negash var doula då Gelila på seks månader kom til verda.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Dette er kritisk for dei mest sårbare kvinnene.

Det seier overlege Kristin Voss Hestvold hjå fødeavdelinga ved Drammen sjukehus.

Fleire sjukehus i Noreg har eit tilbod der innvandrarkvinner kan få med seg ei fleirkulturell fødselshjelp når dei skal fø.

Fødselshjelpa kallast «ein doula» og skal vere ei støtte både før, under og etter fødselen.

På elleve sjukehus har 80 fleirkulturelle doulaer, som beherskar meir enn 18 språk, blitt kursa. Sidan ordninga starta i 2018 har det vore 340 fødslar med doulaer.

Men frå nyttår går prosjektmidla til ordninga frå staten ut.

NRK forklarer

Kva er ein fleirkulturell doula?

Kva er ein fleirkulturell doula?

Støtte

Ein fleirkulturell doula er ein støttande person for kvinner før, under og etter at ho føder. Doulaen er også ein vegvisar inn i det norske helsesektoren. Doulaen kjem i tillegg til jordmor og eventuell partnar eller tolk. 

Kva er ein fleirkulturell doula?

Blir kursa

Doulaen har sjølv fødd barn i Norge. Ho har tatt eit kurs som varer 40 timar. Kurset er utvikla av Oslo Universitetssjukehus og Norske Kvinners Sanitetsforening. Kurset handler om norsk helsesektor, svangerskap, fødselshjelp, amming, teieplikt, etikk og familieplanlegging. 

Kva er ein fleirkulturell doula?

Får betalt

Doulaene får betalt per oppdrag som reknas opp mot 20-25 timar. Doulaene i Noreg beherskar 18 språk. Sidan mars 2018 har 140 fødande kvinner fått hjelp av ein fleirkulturell doula. 

Sårbare kvinner

Seks månader gamle Gelila sitt på fanget til doula Terhas Negash frå Eritrea. Hadde det ikkje vore for ho ville fødselsopplevinga til mora blitt noko heilt anna. Mor til Gelila kom til Noreg for berre tre år sidan som flyktning frå Eritrea.

Av omsyn til eigen kultur ønsker mora å vere anonym.

Det å skulle føde i eit land ho ikkje visste noko om, opplevde ho som utrygt.

– At desse kvinnene er trygge i fødsel har noko å seie for barsel, for mor-barn-tilknytinga og kvinna si psykiske helse heile livet, seier overlege Hestvold.

Overlege Kristin Voss Hestvold hjå fødeavdelinga på Drammen sjukehus saman med overjordmor Silje Brennum.

Overlege Kristin Voss Hestvold (t.v.) hjå fødeavdelinga på Drammen sjukehus saman med jordmor Silje Brennum.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Om ordninga ikkje blir vidareført, risikerer ein å merke kvinnene psykisk resten av livet, meiner overlegen.

For dei som har behov for doula, er blant dei mest sårbare kvinnene, ifølge ho.

– Dei har kanskje traumatiske opplevingar med fødsel i eiga land eller har med seg opplevingar frå krig. Det er noko me ikkje alltid kjenner til.

Usikker på alt

Mange kvinner er også åleine og difor ekstra sårbare i fødselssituasjonen.

Mora til Geleila klarte ikkje å kommunisere med helsepersonellet og var usikker på alt då ho skulle fø. Då var doula Terhas ei enorm støtte.

– Det var midt på natta då ho hadde fødd og ho ville ikkje at eg skulle dra heim. Eg overnatta med ho på sjukehuset, seier Negash.

For mora til Geila (seks mnd) var doula Terhas Negash frå Eritrea ein enorm støtte.

For mora til Gelila (seks md.) var doula Terhas Negash frå Eritrea ein enorm støtte. Ho har sjølv kjent på kroppen korleis det er å vere fødande kvinne i eit nytt land.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Doulaen hennar har sjølv kjent på kroppen kor vanskeleg det kan vere å fø i eit anna land.

– Eg var åleine med min mann, og alt var nytt.

I mange tilfelle er kvinnene også omskore. I fleire kulturar er det noko som skal haldast hemmeleg. Det kan vera ei utfordring for helsepersonellet.

– Det er sårt for oss og vanskeleg. Me veit om det oss imellom, men me kan ikkje seie frå om det, anna enn til kvarandre på vårt språk. Då vil eg kunne vere til god hjelp for helsepersonellet og kvinna som før, seier Negash.

Tillit til helsetenesta

Overjordmor Silje Brennum hjå Drammen sjukehus meiner doulaen sørger for at dei kan tilby likeverdige helsetenester.

– Ho vil vere den trygge personen som gjer at kvinna i større grad kan oppleve tillit til helsetenesta i Noreg, seier Brennum.

Ho opplever sjølv å gjere feil når ho skal tilby hjelp til kvinner.

– Til dømes tilbyr eg isvatn, slik eg er van med, men kvinna ønsker kanskje varm mjølk. Doulaen har ein betre kulturforståing enn eg nokon gong kan få.

Skal jobbe for ordninga

– Me er nøydd til å halde fram med dette tilbodet. Det er veldig viktig, understrekar jordmora.

Stortingsrepresentant Lise Christoffersen har engasjert seg i saka og vil jobbe for at tilbodet med fleirkulturell doula skal bestå.

Stortingsrepresentant Lise Christoffersen har engasjert seg i saka og vil jobbe for at tilbodet med fleirkulturell doula skal bestå.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Stortingsrepresentant i Buskerud, Lise Christoffersen (Ap), har sjølv engasjert seg i saka. Ho jobbar no for at tilbodet skal bestå og har gjort helsedepartementet merksam.

Christoffersen kan likevel ikkje love øyremerka midlar til ordninga i revidert statsbudsjett for 2022.

– Me er tilbakehaldne med å øyremerke midlar, men som ein del av ei satsing på fødetilbodet, meiner eg det er ei enkel sak å sørgje for at tilbodet fortset. Eg skal ta på meg å jobbe så godt eg kan med dette utover hausten.