Sommarferien er på hell, og for mange tyder det ein kamp for å finne seg bustad før studium og jobb i ny by startar.
På Majorstua i Oslo er kjærasteparet Linn Brenden (19) og Andreas Linnebo (19) glad for at dei i det heile tatt får komme på visning.
Paret har sendt melding til nærmare 200 utleigarar. Mange av dei har ikkje svart.
– Det er ganske latterleg. Prisane har berre stige for kvar einaste leilegheit som blir lagt ut, så ein blir litt rådvill og motlaus etter kvart, seier Andreas.
Det er vanskeleg for Linn Brenden (19) og Andreas Linnebo (19) å skulle finne seg ein plass å bu i Oslo i august.
Foto: Bård Nafstad / NRKOg når dei først får visning, er det stinn brakke.
– Det var veldig varmt, veldig mange menneske, og ikkje noko system eigentleg, seier Linn og ler.
Ikkje vanleg med open visning
Kjetil Olsen, dagleg leiar i Husleie.no, fortel at leigemarknaden har endra seg.
Marknaden har endra seg, særleg i Oslo, seier Kjetil Olsen frå Husleie.no.
Foto: Heide Marie Gøperød / husleie.no– Tidlegare var det vanleg at visning var ope for alle, kven som helst kunne kome på visning, og det handla mest om at den første som skreiv kontrakt var den som fekk bustaden.
Slik er det ikkje lenger. Pandemien avgrensa kor mange som kunne stimle saman i små rom.
Det har haldt fram, og på grunn av ein pressa marknad kan utleigarar velje og vrake.
– No ser vi at det blir litt «cherrypicking» på kven som får kome på visning. Då er det veldig viktig at leigetakarar presenterer seg på best mogleg måte.
Når det først er open visning, blir det fort fullt med folk.
Foto: Bård Nafstad / NRKHan påpeiker at studentar, utanlandsarbeidarar og innvandrarar er nokre av gruppene som hovudsakleg leiger. Desse har ikkje nødvendigvis den sterkaste økonomien.
– Ergo er det dei som tek den største belastinga med det presset som no er i leigemarknaden.
Oslo er dyrast
Presset på leigemarknaden er eit faktum. Med både studentar som er ferdig med sommarferien, og utanlandsarbeidarar som kjem tilbake etter pandemien, går prisane opp.
Snittprisen på leilegheiter i Noreg er no 9.555 kroner ifølgje Husleie.no. Ein toroms bikkar 10.597 kroner.
Oslo er den dyraste staden. Der må du i snitt ut med 13.870 kroner for ein toroms leilegheit.
Det er ei auke på 7 prosent frå juli i fjor, og plattforma har aldri registrert høgare tal frå hovudstaden.
Mange har ikkje råd til det:
– Lotteri å velje
På visninga der Linn og Andreas prøver lykka, har meklar Jesper Fredsson det travelt. Potensielle leigetakarar fyller opp romma, men det er ikkje nok å ha råd til leilegheita.
Det er travle dagar i utleigebransjen.
Foto: Bård Nafstad / NRK– Det blir nesten lotteri å velje. Alle som er her kan leige, seier meklaren.
Då hjelp det ikkje å berre skrive ned namnet sitt for å vise interesse.
– Det er fleire som pratar med meg på visninga. Skriv du ned namnet ditt utan å seie noko, så kan eg nesten garantere at du ikkje får leilegheita.
Det er ikkje nok å skrive seg opp på interessentliste som potensiell leigetakar.
Foto: Bård Nafstad / NRKLikevel meiner han at studentar ikkje har dårlegare sjanse enn andre.
– Det kjem an på kven som tek kontakt med meg der inne. Det er veldig viktig å prate med meklaren så ein får eit inntrykk av kven dei er, understrekar Fredsson.
Stiller klare krav
Forbrukarrådet har også merka seg den auka bruken av bodrundar hjå private aktørar.
Direktør Inger Lise Blyverket stiller klare krav.
– Regjeringa bør rett og slett sette ned eit offentleg utval som ser på heile husleigereguleringa i Noreg. Lova er 30 år gammal og var meint for ein heilt annan marknad der alle skulle eige. No er det ein million av oss som er på leigemarknaden. Dei har også krav på trygge og stabile buforhold.
Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik seier han no vil ta initiativ til eit møte med både dei som representerer leigetakarane og utleigarane.
– Vi ønsker å sjå på kva vi kan gjere på kort sikt for å hjelpe dei som anten er studentar eller andre som slit med å få ein plass å bu.
Har likevel trua
Linn og Andreas fortsett jakta, sjølv om det er vanskeleg i ein av dei dyraste byane i Noreg.
Linn og Andreas gir ikkje opp håpet på å kunne finne ein leilegheit.
Foto: Bård Nafstad / NRK– Eg føler ein bør vere litt eldre enn vi er. Vi er studentar, har deltidsjobb og studielån, seier Linn.
Akkurat no bur dei i Drøbak og i Ås.
– Slik sett er vi heldige, i verste fall kan vi fortsette å pendle, seier Andreas.