– Du kan sjå gliset på han, seier den smørblide utgravingsleiaren Christian Løchsen Rødsrud.
Han peikar ned i ei grop. Der blir det pirka og skrapa vekk jord frå beinrestar.
– Dei må ha ete godt!
– Nei, denne er nok sjølvdød, påpeikar prosjektleiar Jes Martens.
Det som møter oss i gropa er fleire hundre år gamle beinrestar frå eit svin. Men dette er langt frå det største funnet som er gjort på Sem dei siste vekene.
Ser du hoggtennene til svinet?
Foto: Juni Hoem / NRKI ekstase
I vår gjekk hobbymetalldetektoristar og arkeologar side om side og leitte etter skattane frå oldtida på Sem i Øvre Eiker. No har dei snart gjennomført ei tre månader lang utgraving på området.
Rødsrud er i ekstase over resultatet av utgravinga. Dei har funne restar av ein bygning som måler heile 17 meter på det breiaste.
– Dette er nok eit av dei mest spennande funna på Sem!
Det mest spesielle funnet er restar etter ein stor bygning. Her blir det markert stolpehol, og det blir søkt etter gjenstandsfunn.
Foto: Juni Hoem / NRKMen bygningen strekkjer seg vestover, under Semsveien. Så lengda på huset får dei ikkje fastslått.
– Det held nok fram på den andre sida. Men det er eit område vi ikkje har mandat til å undersøkje no, seier Rødsrud.
Dei har funne spor etter fleire bygningar på tre utgravingsområde. Truleg tilhøyrer nokre av dei renessansen, medan andre kan vere frå mellomalderen og jernalderen.
Men det store huset har dei ikkje tidfesta rett endå. Dei er avhengig av radiokarbondateringar eller gjenstandsfunn for å datere det med tryggleik.
Christian Løchsen Rødsrud og Jes Martens er strålande fornøgde med utgravinga.
Foto: Juni Hoem / NRK– Berre bar mark
Det blir grave fram stolpehol tilhøyrande det største huset.
Foto: Juni Hoem / NRKJes Martens er førsteamanuensis ved Kulturhistorisk museum og prosjektleiar for utgravinga.
– Dette har vore eit viktig område gjennom to tusenår. Området har hatt mange ulike funksjonar, både produksjon, handel og møteplass. I mellomalderen var Sem ein herregard. Kongen erverva han etter reformasjonen og gjorde han om til lensherresete. Ein kan seie at Noreg vart styrt herfrå. Men i dag er det berre bar mark, seier Martens.
Får ikkje midlar
Men det er nokre funn dei ikkje får undersøkt nærare.
Alt som blir datert etter år 1537 er nemleg ikkje omfatta i Den norske kulturminnelova. Dette med unntak av bygningar som står i dag.
– Derfor har vi ikkje midlar for å undersøkje nokon av funna våre. Men det som blir tidfesta etter 1537 er også verd å minnast, meiner Martens.
Sjå bilete frå utgravinga
Det er funne store mengdar beinrestar på Sem.
Kokegropene er usedvanlig store. Her kan store dyr ha blitt tilberedt til festlege anledningar.
Skjel frå adelens måltid ble funne i ei søppelgrop.
Her har elevar frå barneskular i Hokksund leitt etter skjulte skattar i jorda.
Perler for svin
I tillegg til den heilt spesielle bygningen, har utgravinga resultert i fleire unike funn. Mellom anna dukka det opp glasperler på ein overraskande stad.
– Vi har funne mellom 30 til 40 kokegroper. I to av desse fann vi faktisk glasperler. Desse må ha hamna der i ettertid, då kokegropene vart brukte til å lage mat, seier Rødsrud.
Sjå perlene og fleire gjenstandsfunn nedst i artikkelen.
Det er funne store mengder beinrestar i dei mange kokegropene.
Foto: Juni Hoem / NRKFor kvinner med perlesmykke var nok ikkje ein del av kosthaldet til dei som budde her. Utover perlene, har dei funne store mengdar beinrestar i kokegropene.
Blant dei svin, storfe og hest frå år 400 til 500. I søppelgroper har dei funne østersskjel frå måltida til adelen på 1600-talet.
– Beinrestane kan seie noko om artsmangfaldet og kva dei åt i jernalderen, seier Rødsrud.
Utgravinga på Sem går no inn i si siste veke.
– Vi forlèt eit område med ei usedvanleg rik historie. Og vi rekk ikkje å undersøkje alt. No skal vi grave ut den store bygningen i mødesam detalj. Forhåpentleg finn vi fleire gjenstandar, som kan hjelpe oss med å tidfeste huset med tryggleik, avsluttar Rødsrud.
Her kan du sjå fleire av funna
Glassperler blei overraskande nok funne i to kokegroper.
Funn av dekorert sverdgrepsbeslag frå år 550 til 800 e.kr.
Det er funne store mengder keramikk på området.
Kjøleskapet i brakka er flust av historiske funn.