– Så langt i år har vi meldt fleire ruskøyrarar enn nokon gong tidlegare, seier assisterande sjef i utrykkingspolitiet Roar Skjelbred Larsen.
Dei ti første månadene i år melde politiet 160 fleire personar for ruskøyring på norske vegar enn i heile fjor.
Det er fleire årsaker til auken frå fjoråret, ifølgje Larsen. Hovudgrunnen skal vere at politiet gjennomfører fleire ruskontrollar enn før.
– Det vi no registrerer er at vi har teke fleire. Det er urovekkjande i seg sjølv. Men det er også slik at det er bra at politiet klarer å ta ut så mange, når vi veit at det er fleire som køyrer ruspåverka kvar einaste dag, seier Larsen.
Assisterande sjef i utrykkingspolitiet Roar Skjelbred Larsen.
Foto: Anne Lognvik / NRKTidlegare har talet på politimeldingar av ruspåverka sjåførar brukt å liggje i underkant av 10.000 i året.
– I år så er det grunn til å tru at vi kjem over det, seier Larsen i UP.
Bekymra for dei unge
Trafikktryggleiksorganisasjonen Ung i trafikken er særleg bekymra for sjåførar under 25 år som vel å køyre medan dei er ruspåverka.
Så langt i år er 2.158 personar under 25 år melde for ruspåverka køyring, mot 1.790 i same periode i fjor.
Det er ein auke på over 20 prosent.
– Det er urovekkjande når vi veit at 28 prosent av dei som vart drepne i trafikken i fjor var unge under 25 år, seier Liv Marie Bendheim i Ung i trafikken.
Kampanjeansvarleg i Ung i trafikken Live Marie Bendheim er bekymra for at talet på unge som blir tekne for ruskøyring i trafikken ser ut til å auke.
Foto: Henrik Pettersen SundeAssisterande UP-sjef Roar Skjelbred Larsen stadfestar at politiet ser ein auke i talet på unge som blir melde for ruspåverka køyring.
Han presiserer samtidig at auken blant dei unge ikkje ser ut til å vere kraftigare enn blant dei over 25 år.
– Men det er urovekkjande at det også er auke i den aldersgruppa. Det er viktig at vi tek ut dei som køyrer ruspåverka.
Rus står bak ein av fem dødsulykker
Utrykkingspolitiet anslår at rundt 140.000 personar køyrer i ruspåverka tilstand dagleg. Rus er ei medverkande årsak til mange trafikkulykker, seier Larsen.
– I over 20 prosent av dødsulykkene vi kjenner til, er ruspåverka køyring ei medverkande årsak.
For å få bukt med sjåførar som køyrer i påverka tilstand har UP hatt daglege ruskontrollar i heile landet i år.
– Det kjem vi til å halde fram med for å avdekkje flest mogleg som køyrer ruspåverka på vegane, seier Larsen.