Hopp til innhold

– Me må slutte å prøve og presse ein runding inn i ein firkant

Jon var ein av dei som ikkje passa inn i vidaregåande skole. Men i fylket der han bur, finst ein meir fleksibel veg for å fullføre utdanninga. Snart kan heile landet få dette tilbodet.

Portett av Jon Berge Nordstrøm. Han er skallet og har ring i ørene.

Jon Berge Nordstrøm meiner han er eit eksempel på at alle kan klare å fullføre vidaregåande skole.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Veldig bra, Live!

Jon Berge Nordstrøm sikrar ein flott salto for femåringen i Strømsø barnehage i Drammen. Snart har han fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.

– Dette er verkeleg verdas beste jobb!

Livet smiler til 29-åringen, men slik har det ikkje alltid vore. I oppveksten hadde Jon ei uro i kroppen, som han ikkje forstod. Den vesle guten var ofte både redd, sint og lei seg.

– Allereie i fjerdeklasse begynte det å skli ut. Eg hadde høgt fråvær, og såg ikkje vitsen med å vera på skolen. Å bera på angst og frykt tek mykje energi.

Han heldt på å bli del av ein dyster statistikk. Heile ein av fem gjennomførar ikkje videregåande skole.

Sort hvitt bilde av en gutt som spiller gitar i et rockeband. Jon Berge Nordstrøm.

Tenåringen Jon hadde musikktalent og likte å spele i band.

Foto: privat

Etter ungdomsskolen fekk han tilbod om å prøve Unginvest, som er eit annleis læringstilbod.

– Planen var klar. Eg skulle berre gå der eit par veker, og så fortelje at heller ikkje dette funka for meg.

Men dei to vekene vart til tre. Jon vart verande på Unginvest i fire år.

Han er ikkje aleine. Det finst mange med liknande historier:

En ung gutt står i et verksted med en bil i bakgrunnen. Gutten heter Jan Iver Tronstad

Jan Iver Tronstad (18)

– Draumen er hus med garasje.

Han mekkar på ein gammal bil i verkstaden på Unginvest. To veker etter at han begynte på vg1, slutta han. Han følte seg utanfor. Alle kompisane gikk på ein annan skole.

– I november 2020 kom eg hit på omvisning. To dagar etterpå starta eg. No er eg her kvar dag.

Ei jente viser fram en plansje med bilder av sine drømmer. Hun vil til Hollywood.

Isebell Rygg Lund (17)

– Eg hadde slutta å drøyme.

Ho valde elektro på videregåande, men skjønte fort at det var feil. Ho droppa ut og sto plutseleg utan noko å gjera.

På Unginvest har alle sine draumar, som dei jobbar for å nå. Det fyrste dei gjer er å laga personlege vegkart, der draumane er tydelege mål.

Jon Berge Nordstrøm står på bussholdeplassen. Han har blå jakke, er skallet og har ring i øret.

Jon Berge Nordstrøm (29)

Jon var redd for å ta bussen, men det var det ingen som visste.

Mellom busstoppa kom panikken. Han følte seg fanga. Heilt utslitt kom han fram til skolen.

Han sleit med å sjå framover og trudde han kom til å bli sitjande heime resten av livet.

I løpet av fire år på Unginvest, opplevde han fleire viktige vendepunkt.

Kva var det som fungerte for deg på Unginvest?

– Eg vart spurt om når eg var på mitt beste. Dei ville vite når eg sist hadde vore stolt og når eg hadde gjort noko som eg følte var bra.

Han fortalde om det han elska mest av alt, å spele gitar og å gjera stunt på sykkel i skateparken.

Jon Berge Nordstrøm trikser med en sykkel i skateparken i Drammen.

Jon følte meistring på sykkelen.

Foto: Kjell-Anders Midtun

Ut frå desse historiene forstod lærarane kor han hadde styrkane sine. Opplæringa vart så bygd rundt det han var god på.

Sakte men sikkert, meistra guten med dei negative følelsane, livet. Han skjønte at han var god nok.

Påskrift på en vegg: Kom som du er, gå ut som den beste deg.

Kvar dag møter elevane Jon sine ord i trappa på Unginvest i Drammen.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Eg trur ikkje eg hadde vore der eg er i dag, utan åra på Unginvest.

– Alle kan klare å gjennomføre vidaregåande skole

Orda kjem frå Ingebjørg Mæland. Ho har vore ein brennande sjel for det som no er fem avdelingar av Unginvest i Buskerud.

Portrettbilde av Ingebjørg Mæland, leder for Unginvest. Dame med briller og brunt hår.

Ingebjørg Mæland er verksemdsleiar for Unginvest AIB

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Rundt rekna har dei hjelpt 5000 ungdommar å gjennomføre vidaregåande utdanning dei siste tjue åra. Ho veit at alle kan klare det.

– Me skreddarsyr opplegget til kvar elev. Opplæringa må vera fleksibel, slik at ho kan endrast i tråd med behova og utviklinga til ungdommane.

Håndskrift på en plakat der det står:  Stå opp hver dag.

Vegkart

Vegkartet til eleven er ein plan for korleis ein skal nå måla sine. Nokon startar med det heilt elementære.

Grønne postit lapper på en plakat der det står håndskrevet hva som er en persons delmål. Feks søke vg skole.

Delmål

På vegen til det endelege målet, er det delmål.

Bilde av et ark med en håndskrevet liste der det står skrevet hva som er personens styrker.

Kva er mine styrkar?

Gjennom tida på Unginvest blir elevane bevisste på kva dei er gode på. Dette brukar dei til å nå måla sine.

Elever på en videregående skole som heter Unginvest sitter rundt et bord i kantina og prater.

Det viktige felleskapet

Her finst ikkje lærarrom. Både lærarar og elever sit saman i kantina i pausene.

Det blir tryggare for elevane. Mange ungdommar fortel at på vidaregåande var det pausene som var verst.

Her bygger dei kvarandre opp, i staden for å bryte kvarandre ned.

Fargerike lapper henger på en tavle med argumenter for hva som har vært bra med å gå på Unginvest.

Kvifor har dette vore bra?

Skolen har eit vitensenter, der det heng fargerike lappar. Her har tidlegare elevar skrive om kva som fekk dei til å gjennomføre utdanninga si.

Resultata frå Unginvest har fått internasjonal merksemd. Mæland har hatt med seg elevar til utdanningskonferansar over heile verda. Dei får også ofte besøk og blir kontakta av folk frå heile landet, som jobbar med vidaregåande utdanning .

– Dei lurar på kvifor ikkje tilbodet finst overalt. Det er eit stort behov for dette tiltaket i heile landet.

Kronprinsparet besøker Nome vgs i Telemark. Besøket er i regi av UngInvest AIB, et opplæringstilbud i regi av Buskerud fylkeskommune til elever som har falt ut av vanlig videregående opplæring. UngInvest AIB er en av Kronprinsparets Fonds samarbeidspartnere.

Kronprinsparet har engasjert seg i arbeidet til Unginvest.

Foto: Roald Marker / NRK

Kronprinsparet har også latt seg imponere over metodane og resultata, og har vald å gi støtte gjennom Kronprinsparets fond . Undersøkingar Unginvest sjølv har gjort, viser at 8 av 10 ungdommar enten er i utdanning eller arbeid, hausten etter at dei har fullført.

Fleire bør få sjansen

Ingebjørg Mæland og fylkesordførar i Viken, Roger Ryberg (Ap), har nettopp underteikna eit fyldig dokument som dei no sender til kunnskapsminister Tonje Brenna.

Endeleg!

Roger Ryberg, fylkesordfører i Viken og Ingebjørg Mæland, leder i Unginvest ser entusiastiske ut og tar hverandre i hånda.

High five! Verksemdsleiar Ingebjørg Mæland og fylkesordførar i Viken, Roger Ryberg (Ap) sender planane til Regjeringa.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Dei har lenge jobba med planen, som er eit detaljert forslag om å opprette 10 nye avdelingar over heile landet, etter mønster frå Buskerud.

– Me vil at resten av landet skal få ta del i vår kunnskap om korleis ein gjennomfører eit slikt utdanningsløp, seier fylkesordføraren. Han er sjølv pedagog, og er viss på at dette er rett veg å gå.

– Eg har sett ungdom lykkast, sjølv med eit trist utgangspunkt. Her får dei ny glød og ei framtid.

I forslaget til Regjeringa, står det at utgiftene til den nasjonale satsinga skal delast likt mellom fylkeskommunen og staten. Unginvest i Buskerud er alt i gang med å kurse fagfolk i sju andre fylkeskommunar.

– Kjem du til å få kunnskapsministeren med deg på dette?

– Ja, det trur eg, så absolutt.

Jon Berge Nordstrøm, har samtale med barn på en tjukkas i en barnehage. han har rutete skjorte og er skallet.

Jon Berge Nordstrøm elskar jobben sin i barnehagen

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Jon er ein favoritt hjå ungane i Strømsø barnehage. Kollegaene seier han er som skapt for oppgåva. Han er glad han fekk fullført vidaregåande. Det la grunnlaget for at han no har full jobb og eit godt liv.

– Det er tullete at ikkje alle her i landet kan få den same sjansen som eg fekk. Alle kan gjennomføre vidaregåande skole, men då må me slutte å prøve å presse ein runding inn i ein firkant.

Saker med håp

Hei! Vi jobber med saker som har håp i seg. Nyheter er ofte dystre, men vi vil gjerne også fortelle om de gode løsningene. Har du en idé til oss?

Her er andre saker vi har laget:

Sindre ruset seg nesten til døde. Fikk hjelp fra uventet hold

Vibeke Skofteruds mamma

Skaugum bestikk vil skape verdens beste arbeidsplass

Trond Hammer, fra rullestol til verdensrommet

Noen kreftformer overlever alle

Gjennomfører videregående mot alle odds

Skriv gjerne til oss!