Hopp til innhold

– Har mista eitt år som «ung»

Mangel på moglegheita til å treffe folk i normale sosiale settingar, har gjort 2020 vanskeleg for mange.

Christina Fraas og kjærasten.

Trass i at det har vore eit tøft år og at dating, ifølge ho sjølv, er vanskeleg, har Christina Fraas (t.h.) møtt nokon som gjer ho lukkeleg.

Foto: Christina Fraas / Privat

– Dating er generelt vanskeleg, seier Christina Fraas, bak kontoen @kirsebærhagen på Instagram.

Ho er ei av dei som fekk kjenne på at livet vart sett litt på vent, då pandemien gjorde storinnrykk i landet vårt i midten av mars. Fleire av oss måtte bli vane til heimekontoret, og uteplassar og andre sosiale møteplassar stengde dørene.

Christina Fraas

Christina Fraas la alt av dating og sosiale aktivitetar på hylla då landet stengde ned i starten av året. I sommar gjekk ho på eit par avstands-dates og trefte til slutt kvinna ho no er saman med.

Foto: Christina Fraas / Privat

– Alt sosialt, og spesielt dating låg på is under første nedstenginga. Før dette starta var eg 29 år, og no er eg fylt 30. Så eg har kjent litt på at eg på ein måte mister eit år som «ung», og det har gitt meg litt angst. Men eg har utruleg nok, klart å finne meg ein kjærast midt oppi alt dette! Me har klart å halde kontakten sjølv om me ikkje har kunne treffast så ofte.

30-åringen meiner mange som er ute på datingmarkedet no er emosjonelt utilgjengelege, og at det ofte ender i at ein blir «ghosta». Det vil sei at personen sluttar å svare på meldingar, utan noko forklaring.

NRK forklarer

Korleis kjem du deg igjennom tida åleine?

Korleis kjem du deg igjennom tida åleine?

Bruk videochat for å halde kontakta med venner og kjente. Lat som om du skal treffa dei fysisk, og finn på noko kjekt i lag.

Korleis kjem du deg igjennom tida åleine?

Skal du leite etter kjærast – ta det seriøst. Ikkje sleng deg ned på sofaen og sveip utan meining. Sett av tid i kalenderen, pynt deg og inviter dei du matchar med på videodate der og då.

Korleis kjem du deg igjennom tida åleine?

Utforsk nye sosiale arenaer. Sosiale medium og forum er plassar ein kan finne nokre å prate med som deler dine interesser eller hobbyar.

Korleis kjem du deg igjennom tida åleine?

Bruk denne tida på å styrke deg sjølv. Les bøker, ta kurs, tren, oppsøk psykolog om du treng det, og sett deg mål som du jobbar mot.

Korleis kjem du deg igjennom tida åleine?

Snakk med nokon om du begynner å kjenne på einsemd. I den tida me er i no, er det heilt naturleg og mest sannsynleg er det folk rundt deg som kjenner på det same som deg.

Korleis kjem du deg igjennom tida åleine?

Kjelde: Ane Hagen, datingcoach og Kenneth Kristiansen From, psykolog

Kva skjer med oss når me ikkje kan klemme kvarandre?

Tøft for single

– Under pandemien har ein ikkje hatt moglegheit til å treffa nokon fysisk, i alle fall om ein følg smittevernråda slavisk, slik som eg har gjort. Ein må nesten gjere det på gamlemåten og prate mykje lenger enn det ein kanskje er vane med, seier Fraas.

For ho har pandemien gjort at ho har måtte bruke meir tid på å faktisk vurdere om personen ein pratar med er nokon ein vil satse på, lenge før ein er med dei fysisk.

Ane Hagen

Datingcoach Ane Hagen har arrangert digtale møter for fleire av kundane sine i 2020. Foto: Privat

– Det sosiale livet har endra seg enormt for absolutt alle. Det er ikkje til å skyve under ein stol. Men dei som er single, har hatt det ekstra tøft i 2020, fortel Ane Hagen.

Ho jobbar som datingcoach, og rettleier og matchar single nordmenn, som ynskjer litt hjelp i prosessen deira med å møte potensielle partnarar.

– Dei som hadde eit stort nettverk før pandemien braut ut, har klart seg betre. Medan dei som verken hadde så mange å henge med, og som kanskje heller ikkje var så fornøgd med å vera singel har hatt det veldig hardt.

Frårøva opplevingar

– Det å kunne gå ut og treffe nye menneske og potensial for å treffe nokon det kan bli noko meir med – det gjer at me held ut å vera åleine, seier psykolog Line Marie Warholm.

Psykolog Line Marie Warholm

Psykolog Line Marie Warholm fortel at kjensla av å vera åleine, aukar når me mister den sosiale og fysiske kontakten.

Foto: Astrid Waller

Ho seier det generelt er vanskeleg å møte nye menneske no, og at kontakt og nærleik har blitt frykteleg komplisert i år.

– I år har me blitt frårøva det å treffe nye menneske ein kanskje kan bli saman med. Me kan ikkje berre gå ut og snakke, danse med og kysse på andre.

Warholm seier vidare at fysisk kontakt gjer at me ikkje kjenner oss så einsame og åleine.

Tinder

Å sveipe seg fram til ein potensiell partnar er noko me alle berre må bli vane med, ifølge Ane Hagen. Ho seier online dating er komen for å bli.

Foto: Eskil Wie Furunes

Meir online dating

Sidan midten av mars, har blant anna datingappane Tinder og Happn oppdaga ei endring i åtferda til single. Både i Noreg og på verdsbasis opplevde dei ei auke i nye brukarar.

Louise Lundberg i Happn skriv at 112.000 nordmenn har lasta ned appen deira sidan midten av mars i år. Og dei har og opplevd ei endring i sjølve kulturen på appen.

– Folk sender fleire meldingar til kvarandre no, og det er fleire som startar samtalar med sine «crushes» no, enn det var på same tida i fjor.

Lundberg fortel at dei har fått tilbakemeldingar frå brukarane sine om at 2020 har vore eit tøft år.

– Det er vanskeleg for folk å vera sosiale, så då har datingappane blitt ein av dei få plassane ein kan møte nye menneske.

Flere nyheter fra NRK Buskerud